Sogndal kommune Teknisk drift

Eigedomsforvaltar

Sogndal kommune søkjer etter fagansvarleg for eigedomsforvaltning. Stillinga er nyoppretta og skal i hovudsak ivareta kommunen si rolle som forvaltar av kommunale grunneigedommar og bygg. Som eigedomsforvaltar vil du ha stor påverknad for korleis bygningsmassen til kommunen handterast vidare. Stillinga er plassert i stab i Bygg og eigedomseininga og vil inngå i eit fagmiljø som har ansvar for byggforvaltning, utviklingsprosjekt innan byggdrift og planlegging/gjennomføring av investeringsprosjekt. I stab er det 8 årsverk med ulik kompetanse som vil utgjere eit samla fagmiljø.

 

Arbeidsoppgåver

Vil delta i ulike oppgåver innan eigedomsforvaltning som:

  • Kjøp og sal av kommunale eigedommar og bygg
  • Leigeavtalar og festeavtalar.
  • Oppgåver knytt til kommunen si rolle i sameige og eigedomsselskap
  • Oppgåver ved grunneigarspørsmål mellom anna ved kart- og oppmålingsforretningar.
  • Oppfølging av nabovarsel.
  • Delta i utarbeiding av utbyggingsavtalar
  • Generell sakshandsaming/utgreiingar.
  • Vere delaktig i nye prosjekt i tidlegfase og ved overtaking.

Kvalifikasjonar, krav

  • Relevant høgskole- eller universitetsutdanning, gjerne innan økonomi, juss og/eller eigedom, ynskjeleg med master.
  • Relevant erfaring.

 

Ynskte kvalifikasjonar

  • Kunnskap om offentlege innkjøp, kontraktar og avtalar.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå eigedomsbransjen, eigedomsforvaltning
  • Erfaring frå offentleg sektor

 

Personlege eigenskapar

  • Er systematisk og ryddig
  • Er løysingsorientert og har gjennomføringsevne
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Kommuniserer godt og har evne til å bygge relasjonar mellom menneske.

Personlege eigenskapar er viktige og vil i stor grad bli vektlagt

 

Me tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar/avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Kommunen er ein stor eigedomsaktør og som fagansvarleg eigedom vil du få ei utfordrande og variert stilling med stor breidde og stor påverknad. Dette er ei stilling med fleksibilitet og gode utviklingsmoglegheiter.


 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

09.10.2022

Tiltreding:

Etter avtale

Kontaktpersonar:

Adresse:

Parkvegen 6856 Sogndal