Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Sjukepleiar

For stillingen gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.

Leikanger sjukeheim vart ny i 2004 og har 4 små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til sjukeheim ligg både heimetenesta, legekontor og fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Leikanger sjukeheim har eige kjøken med gode kokkar som lagar heimelaga mat. Sjukeheimen ligg vakkert til på Leikanger med utsyn mot Sognefjorden og nærleik til Sogndal sentrum.

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta sjukepleiefaglige oppgåver
  • Heilskapleg pleie og omsorg
  • Rettleia for studentar/lærlingar og andre
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og primærteam.
  • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet,
  • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Legevisittar
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, psykiatri eller geriatri.

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  Easy Cruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

09.10.2022

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Leikanger

Kontaktpersonar:

Adresse:

Ohnstadhaugen 15 6863 Leikanger