Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Helsefagarbeidar

100% fast stilling som helsefagarbeidar i turnus, arbeidsstad Leikanger sjukeheim. Ledig frå snarast. Vernepleiare vil også verte vurdert til stillinga

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim
  • Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den einskilde brukar, sjukepleiar og behandlingsteam
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
  • Rettleie og følgje opp elevar og lærlingar
  • Vere med på prosjekt og gruppearbeid for å fremje fagkompetanse og kvalitet i pleie
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent hjelpepleiar/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
  • Godkjent vernepleiar med norsk autorisasjon
  • Erfaring eller vidareutdanning innan geriatri, rehabilitering, velferdsteknologi eller demens vil bli vektlagt
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Datakunnskap

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
  • Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  Easy Cruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

09.10.2022

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Leikanger

Kontaktpersonar:

Adresse:

Ohnstadhaugen 15 6863 Leikanger