Sogndal kommune Leikanger ungdomsskule

Miljørettleiar

 

Ved Leikanger ungdomsskule er det ledig 80%  stilling som miljørettleiar - vikariat med moglegheit for fast stilling.

Skulen ligg fint til like ved Sognefjorden på Leikanger. Her kan ein driva fysisk aktivitet både i  og ved fjorden. Skulen har pedagogisk entreprenørskap som ein del av verksemda. Samarbeid med lokalsamfunnet - arbeidsplassar, lag og organisasjonar og ressurspersonar - gjennom partnarskapsavtalar vert vektlagt. Skulen har fast samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og er ein av lærarutdanningsskulane i regionen.

Som miljøterapeut på Leikanger ungdomsskule skal du samarbeida med omlag 16 tilsette som driv læringsarbeidet for 91 elevar frå 8. til og med 10. trinn.  Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.

Me søkjer ein relasjonssterk, varm og inkluderande miljøterapeut ved skulen, som kan vera med å realisera Leikanger ungdomsskule som ein framtidsretta skule. 

 

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

  • Skape eit trygt og godt opplæringsmiljø for elevane
  • Samarbeide tett med lærarar på teamet, teamleiar og anna personale
  • Samarbeide med PP- tenesta, andre samarbeidspartar og delta i samarbeidsmøte knytt til elevane
  • Rettleie og tilrettelegge eit heilskapleg opplæringstilbod ut i frå elevane sitt behov
  • Jobbe aktivt for eit godt skule- heim samarbeid og til eleven sitt beste
  • Legge til rette for sosial trening og eigenmeistring, og etablere eit sosialt nettverk rundt elevane
  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig relevant høgskule, eventuelt realkompetanse innan denne type arbeid
  • Relevant kompetanse innanfor førebyggjande arbeid og åtferdstrening der kjennskap til program som t.d. traumebasert omsorg, er positivt
  • Relevant kompetanse i å planlegge og tilrettelegge skulekvardagen for eleven er ein fordel
  • Gode IKT kunnskapar og erfaring med bruk av IPad/PC
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
  • Fleksibel og godt humør
  • Viser stort engasjement i å jobbe med barn og unge med ulike åtferdsutfordringar
  • Er samarbeidsvillig, tolmodig og interessert i born og ungdom
  • Evnar å bygge relasjonar for å skape eit trygt og godt læringsmiljø
  • Er i stand til å skape eit godt og trygt opplæringsmiljø saman med resten av personalet ved skulen
  • Meistre krevjande situasjonar og kan vere konsekvent i beslutningar

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar

Anna

  • Gyldig politiattest må leverast før jobboppstart

 Me tilbyr

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter gjeldande kvalifikasjonar og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Arbeidstida følgjer skuleruta, ferie i alle skuleferiar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  Easy Cruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.10.2022

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Leikanger ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal