Sogndal kommune Leikanger legekontor

Legesekretær eller sjukepleiar

Ledig 100% fast for legesekretær eller sjukepleiar ved Leikanger legekontor frå 01.01.23

 

Om stillinga:

På grunn av at ein av våre erfarne medarbeidarar har gått over i anna stilling i kommunen er det ledig fast 100% stilling for legesekretær eller sjukepleiar ved Leikanger legekontor frå 01.01.23. Det er mogleg å søkje på deler av stillinga for søkjarar som evt. ynskjer redusert arbeidstid. Spesifiser i så fall kor stor stilling du søkjer på.

Leikanger legekontor har 4 legar og 2,4 årsverk hjelpepersonell. Kontoret har eige laboratorium og er samlokalisert med mellom anna sjukeheim, helsestasjon, fysioterapi og psykiatriteneste.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Allsidige oppgåver for legesekretær eller sjukepleiar.
  • Aktuelle oppgåver er telefontriagering, resepsjonsarbeid og administrative oppgåver samt mellom anna sårskift, spirometri, EKG, enkle pasientkontrollar og laboratoriearbeid.

 

Krav til kompetanse:

  • Helsesekretær/helsefagarbeidar eller sjukepleiar.

Det er en fordel å kjenne IT-system frå helsetenesta, Leikanger legekontor nyttar CGM Allmenn.

 

Krav til søkjar:

  • Gode evner til både sjølvstendig arbeid og lagarbeid.
  • Godt humør og evne til å møte pasientar og kollegaer på ein god måte.
  • Fleksibilitet, evne til å handtere fleire problemstillingar på ein gong, tåle avbrytingar og samstudes klare å jobbe systematisk og ryddig.
  • Flytande norskkunnskapar skriftleg og munnleg.
  • Personlege eigenskapar blir tungt vektlagde.

 

Spesielle vilkår for stillinga:

Det som vert tilsett må leggje fram:

  •  Tuberkulose/MRSA-skjema, eventuelt tuberkulinattest av ny dato.
  •  Politiattest av ny dato.

Me tilbyr

  • Ein kompetansearbeidsplass med høg fagleg og etisk standard, godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo.
  • Løn etter tariff.

 

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine

tilsette.

  • Variert arbeid i positive miljø.
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
  • Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

11.12.2022

Tiltreding:

01.01.2023

Arbeidsstad:

Leikanger

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skrivarvegen 7 6863 Leikanger