200 % fast stilling som spesialpedagog / sakshandsamar ved Sogn PPT
Det kan i tillegg bli ledige andre vikariat.
Ta kontakt snarast om du er interessert.
Sogn pedagogisk psykologisk teneste er interkommunal, og yter tenester til grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Under Sogn PPT finn ein både avdeling for PPT og avdeling for logopedi. Kontoret har 13 tilsette og held til i Sogndal.
PPT er ein viktig samarbeidspart for skular og barnehagar i Sogndal og kommunane rundt. Tenesta skal i sitt arbeid ha fokus på behovet for gode utviklingsmoglegheiter til barn og unge i barnehage og skule, og ha fokus på barn med særskilde behov.
PPT legg stor vekt på å arbeide førebyggjande med å vere tett på skular og barnehagar. Fokus er på utviklingsarbeid både på individ og organisasjonsnivå, og vi legg stor vekt på samarbeid både internt og med våre samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Fast
Heiltid
Dag
19.02.2023
Etter avtale
Sogndal
Dalavegen 2 6856 Sogndal