Stillinga som fast vikar inneber at ein vil få eit tilsetjingsforhold i Sogndal kommune, for tida plassert i Fosshagen utdanningsbarnehage. Stillinga vil ikkje ha fast tilknyting til ei avdeling, men vil vere knytt til alle dei sju avdelingane i barnehagen. Styrar vil fordele oppdrag. Stillinga som vikar skal dekke dagleg fråvære som sjukefråvære, permisjonar, ferie m.m. Det kan vere både korttids- og langtidsfråvære. Det ligg og til stillinga å hjelpe styrar med vikarhandtering og ressursstyring. Den som vert tilsett kan og få andre pedagogiske oppgåver, og oppgåver knytt til arbeid med spesialpedagogiske tiltak og styrkingstiltak med barnegrupper og einskiltbarn.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga som fast vikar, barnehagelærar vil vere ein kombinasjon av å vere ambulerande vikar på avdelingane i Fosshagen utdanningsbarnehage, med pedagogiske oppgåver og omsorgsoppgåver for barn i alderen 1-5 år, og i samarbeid med styrar og assisterande styrar få ansvar for dagleg drift, vikarhandtering og ressursstyring. Det kan og verte arbeid med spesialpedagogiske tiltak og styrkingstiltak knytt til einskiltbarn og barnegruppe. Barnehagen er framleis ganske ny, så den som vert tilsett lyt ta høgde for at arbeidsoppgåvene kan endre seg etter behov.
Kvalifikasjonar:
Utdanning som barnehagelærar.
Andre kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Fast
Heiltid
Dag
05.02.2023
Etter avtale
Sogndal
tlf: 57652881
Trolladalen 6856 Sogndal