Sogndal kommune Sagatun skule

Lærar - Sagatun skule

Velkomen til fagre Sogn, her får du både i pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnader. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje overikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, fobetra og forenkla tenestene me tilbyr.  

 

Me treng deg som vil ta i vare barn og ungdommar som har kvardagen sin på skulen, i tillegg til at du møter elevane med respekt og positivitet.   

Sogndal kommune er oppteken av samarbeid og erfaringsutveksling for å sikre god kvalitet og utvikling for alle elevane i den langstrakte kommunen vår.    

 

Sagatun skule ligg sentralt i Balestrand og  har eit stort uteområde.  Rundt oss har vi flott og mektig natur som vi har gleda av å nytta kvar dag. Skulen ligg heilt oppe i skoggrensa, med gode moglegheiter for å bruke naturen inn i undervisninga. 

 

Ledig stilling: 

100% fast stilling som lærar frå 01.08.2024. 

 

Kvalifikasjonar:  

  • Relevant pedagogisk utdanning. 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.  

  • Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng. 

 

Arbeidsoppgåver:   

  • Den viktigaste oppgåva di vil bli å møte mangfaldet på skulen med tryggleik og profesjonalitet.   

  • Følgje opp elevar i deira læringsmiljø. 

  • Planlegge og gjennomføre opplæring. 

  • Samarbeide med andre aktuelle instansar.    

   

Me tilbyr: 

  • Ein jobb som vil utfordre deg samtidig som den vil gi deg mykje.   

  • Sogndal kommune har gode pensjons- og forsikringsordningar. 

  • Gode velferdsordningar.    

  • Gode faglege arbeidsmiljø.  

 

Personlege eigenskapar: 

  • Me søkjer ein person som er fleksibel, initiativrik og kan arbeide sjølvstendig 

 

Dersom du vil vere med på å gjere ein forskjell for barn og ungdommar i Sogndal, må dette vere den rette jobben for deg.    

 

Andre opplysningar: 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.  

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

26.07.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Sagatun skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: