Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Ferievikar 2025 på Leikanger - sjukeheim, heimetenesta og kjøkken

Er du og vennene dine klar for ein sommar full av meining, læring og vakre opplevingar? Sogndal kommune treng DEG som ferievikar innan helse og omsorg!

 

Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2025 til sjukeheimen, heimetenesta og kjøkkenet på Leikanger.

Arbeidsperioden vil vere i tida 23.06.2025 - 17.08.2025 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden kva dagar innafor denne perioden du ikkje kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert.

Studentar og elevar med helserelaterte fag vert særskilt oppmoda om å søkje.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Helsehjelp til eldre på sjukeheim, brukarar i heimetenesta og omsorgsbustad
  • Oppfølging av ernæring
  • For kjøkken; tilberede mat, utlevering av mat, ivareta hygiene og kjøkkenrelaterte oppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Vere fylt eller fylle 18 år i løpet av 2025
  • Førarkort for bil klasse B manuell gir for dei som skal jobbe i heimetenesta

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre
  • Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag
  • Imøtekommande

Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato
- Politiattest av ny dato

 

Me tilbyr:

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje
  • Lønn etter tariff. Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre året. 
  • Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

Kontaktperson for stillingane er:

Sjukeheimen: Tone Bjåen, avdelingsleiar. Tlf: 907 26 370, tone.bjaen@sogndal.kommune.no 

Heimetenesta: Anne B. Gjerland, avdelingsleiar. Tlf: 918 12 767, anne.brennset.gjerland@sogndal.kommune.no

Kjøkken: Kjetil Berg, kjøkkenleiar. Tlf: 489 53 606, kjetil.berg@sogndal.kommune.no

 

 Velkomen som ferievikar i fruktbygda Leikanger!

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

06.04.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Leikanger

Adresse:

Ohnstadhaugen 15 6863 Leikanger

Kart: