
Utekontakt
Vil du vere ein trygg vaksen for ungdom, der dei er?
Sogndal kommune styrkjer utekontakt-tilbodet og søkjer ein ny medarbeidar i 100 % stilling. Du blir del av eit viktig og synleg arbeid retta mot ungdom og unge vaksne i alderen 13–24 år. Stillinga er eit eittårig engasjement med moglegheit for forlenging.
Som utekontakt jobbar du oppsøkande og relasjonsbyggande i ungdommen sine nærmiljø. Du skal bidra til å skape tryggleik og tilhøyrsle, og fange opp ungdom med behov for støtte i kvardagen. Arbeidet skjer i tett samarbeid med mellom anna skular, helsestasjon, politi og frivillige.
Døme på arbeidsoppgåver:
Vere til stades på arenaer der ungdom oppheld seg
Førebygging og kartlegging
Byggje relasjonar og følgje opp ungdom
Samarbeide tverrfagleg og bidra til tidleg innsats
Bidra til vidareutvikling av utekontakt-tenesta
Kommunikasjon og formidlingsarbeid, både eksternt og internt
Arbeid på dag, kveld og helg må reknast med
Kvalifikasjonar:
Vi ønskjer at du har 3-årig relevant høgskuleutdanning – til dømes innan sosialt arbeid, barnevern, vernepleie, pedagogikk eller helse. Erfaring frå arbeid med ungdom, rus, åtferdsutfordringar eller skulevegring er ein fordel. Du må ha førarkort og kunne leggje fram gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar:
Du er trygg i møte med andre, god til å byggje relasjonar og kommuniserer på ein tydeleg og respektfull måte. Du arbeider strukturert, sjølvstendig og er fleksibel når det trengst. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga.
Me tilbyr:
Eit meiningsfullt arbeid i eit engasjert og tverrfagleg miljø
Høve til å påverke og utvikle eit viktig tilbod
Fleksibel arbeidstid
Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Sogndal kommune satsar på ungdom!
No styrkjer me det førebyggande ungdomsarbeidet med fleire nye stillingar: utekontakt, ungdomsarbeidar, ungdomslos, fritidskoordinator og prosjektleiar for Rocket-Man.
Stillingane inngår i kommunen si samla satsing på oppvekst og vil samarbeide tett i ulike tverrfaglege team. Målet er å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge i Sogndal.
Du treng berre å sende inn éin søknad. Om du er interessert i fleire av stillingane, ber me deg opplyse om dette i søknaden. Alle søkarar vil kunne bli vurderte til fleire av stillingane, dersom kompetansen og erfaringa tilseier det.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
04.06.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Sogndal
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal