Sogndal kommune Ungdomsavdelinga

Ungdomsarbeidar

Skap aktivitet og tryggleik for ungdom i Sogndal!

Ungdomsavdelinga i Sogndal kommune jobbar for å skape trygge og inkluderande møteplassar der ungdom kan utfalde seg, utvikle seg, og bygge relasjonar med andre. Me søker no ein engasjert ungdomsarbeidar som brenn for ungdom, kreativitet og kultur til ei 50% fast stilling! 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Vere til stades og tilgjengeleg når Ungdomskjellaren i Sogndal kulturhus er ope 

  • Skape eit trygt og inkluderande miljø der alle ungdommar føler seg velkomne 

  • Vere ein trygg og støttande vaksenperson for ungdommane 

  • Følge opp og inngå nye samarbeid med frivillige aktørar 

  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar 

  • Arbeid på ettermiddag/kveldstid og nokre skuleferiar må påreknast 

 

Som ungdomsarbeidar vil du få arbeide tett på aktiviteten ungdomsavdelinga, og i Ungdomskjellaren i Sogndal kulturhus. Du vil få bruke kreativiteten din til å finne på og planlegge kjekke aktivitetar for og med ungdommen 

Du er velkomen til å søke enten du har erfaring med ungdomsarbeid, er i eit relevant studieløp eller er ei kreativ sjel som brenn for ungdom! 

 

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med ungdomsarbeid/miljøarbeid er ein fordel 

  • Utdanning innan t.d. sosialt arbeid, lærar/oppvekstfag eller barnevern er ein fordel, men ikkje eit krav 

  • Er interessert i og har erfaring med kunst, kultur og kreativitet 

  • Gode kommunikasjonsevner, og evne til å bygge gode relasjonar med ungdommar 

  • Fleksibel og kan tilpasse seg ulike situasjonar og behov 

  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 

 

Personlege eigenskapar

  • Kreativ 

  • Sjølvstendig 

  • Fleksibel og løysingsorientert  

  • Evner å planleggje og styre din eigen arbeidsdag på ein produktiv måte 

Personleg eignaheit vil bli vektlagt 

 

Me tilbyr

  • Ein spennande og meiningsfull jobb med ungdommar 

  • Moglegheit til å vere med å forme ungdomsarbeidet i Sogndal kommune 

  • Ein triveleg arbeidsplass i kreative omgjevnader der du får vere med på å utvikle eit viktig tilbod for ungdom i Sogndal 

  • God opplæring og oppfølging 

  • Løn etter avtale 

 

Sogndal kommune satsar på ungdom! 
No styrkjer me det førebyggande ungdomsarbeidet med fleire nye stillingar: utekontakt, ungdomsarbeidar, ungdomslos, fritidskoordinator og prosjektleiar for Rocket-Man. 

Stillingane inngår i kommunen si samla satsing på oppvekst og vil samarbeide tett i ulike tverrfaglege team. Målet er å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge i Sogndal. 

Du treng berre å sende inn éin søknad. Om du er interessert i fleire av stillingane, ber me deg opplyse om dette i søknaden. Alle søkarar vil kunne bli vurderte til fleire av stillingane, dersom kompetansen og erfaringa tilseier det. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Søknadsfrist:

04.06.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Håvard Ese Eliassen

mob: 901 32 006

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: