Sogndal kommune Bygg og eigedom

Prosjektutviklar

Vil du vere med å utvikle framtida i Sogndal – i lag med andre? 

Sogndal kommune søkjer etter ein prosjektutviklar som vil vere med og forme samfunnsutviklinga gjennom små og store prosjekt med betydning for folk sine liv. 

Sogndal er ein kommune i vekst, med eit aktivt lokalsamfunn, høg kompetanse og tydelege ambisjonar for framtida. Me har over 1300 dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for å sikre gode, trygge og aktive liv for innbyggjarane våre. Sogndal, som alle andre kommunar, står samstundes i ein stor omstilling, der me må finne nye måtar å løyse samfunnsoppdraget på – og me treng deg som vil vere med og drive dette arbeidet framover. 

Kven ser me etter? 

Du har evne til å ta initiativ, drive fram prosjekt og mobilisere folk rundt deg. Du trivst i samarbeid, men har òg gjennomføringsevne og ståpåvilje. Du forstår samanhengen mellom ide, plan og gjennomføring, og likar å arbeide både strategisk og operativt – frå dei første skissene til ferdig resultat ute i felt. 

Du bryr deg om samfunnsoppdraget i kommunen, og har eit ekte engasjement for det som er bra for folk – både no og i framtida. Du lærer raskt, og trivst med å utvikle og justere retning undervegs når det er naudsynt. Du er komfortabel med kompleksitet, og står stødig når ikkje alt er ferdigtenkt. 

 

Døme på arbeidsoppgåver: 

  • utvikling og gjennomføring av investeringsprosjekt i lag med andre tenester og aktørar i og utanfor kommunen 

  • behovskartlegging, konseptutvikling og idéfasearbeid 

  • prosjektleiing i gjennomføringsfasar 

  • samspel med brukarar, tenester og eksterne partnarar 

  • dokumentasjon og rapportering 

  • arbeid med forbetring og utvikling av arbeidsprosessar 

 

Kva forventar me av deg? 

  • Du tek initiativ og jobbar målretta for å skape resultat 

  • Du har heilskapsforståing og evne til å sjå både detaljar og samanhengar 

  • Du er lærevillig og fleksibel – og nysgjerrig på kva som verkar 

  • Du har relevant utdanning og/eller erfaring frå prosjektarbeid 

  • Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter 

  • Du jobbar godt både sjølvstendig og i team 

 

Kven er me? 

Du blir ein del av eit tverrfagleg prosjektutviklingsteam som jobbar med utvikling av eigedom, bygg, VA, veg og park, samt anna infrastruktur og tenesteløysingar – tett på både innbyggjarar, politikarar og kollegaer i heile organisasjonen. Me jobbar saman for å skape gode løysingar og fremje ein berekraftig utvikling av Sogndalssamfunnet. 

Nyfiken på kva Sogn har å by på? Sjekk ut Sogn.no! 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje – uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn. Me legg til rette for tilpassingar ved behov. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar skjer med ei prøvetid på 6 månader. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.08.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Riverdalen 5 6856 Sogndal

Kart: