Fast lærarstilling ved Norane skule frå 01.08.2026
Vil du undervise på ein skule som nyttar naturen aktivt i læringa og vere ein del av eit lite og engasjert fagmiljø?
Norane skule og Ylvisåker barnehage er ein del av Norane oppvekstsenter. Me er vakkert plassert ved Norafjorden på Ylvisåkerneset, berre ein kort biltur frå Sogndal sentrum.
Norane skule er ein 1.–7.-skule med om lag 50 elevar, og saman med Ylvisåker barnehage har oppvekstsenteret rundt 90 barn. Storleiken gjer at me kjenner kvarandre godt og kan følgje elevane tett, både fagleg og sosialt.
Ein litt annleis skule
Norane skule ligg i naturskjønne omgjevnader ved Norafjorden, og me nyttar aktivt uteområdet og naturen som læringsarena. Skulen er ein Trivselleiarskule, der elevstyrte aktivitetar står sentralt. Elevane får opplæring i å leie andre og medverke i planlegging og gjennomføring av leik og aktivitetar.
Me er opptekne av praktisk, variert og relevant undervisning i tett samarbeid med elevane våre.
Om stillinga
Me har ledig 100 prosent fast stilling som grunnskulelærar frå og med 01.08.2026.
Kvardagen hos oss
Som lærar på Norane skule får du ein variert arbeidskvardag der du:
- Planlegg og leier elevane si læring, individuelt og i team
- Medverkar aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap
- Set skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid ut i praksis
- Arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø i tett samarbeid med elevane sine heimar
- Nyttar uteområdet og naturen som ein naturleg del av undervisninga
- Deltek i tverrfagleg samarbeid
- Reflekterer over eigen praksis og bidreg til fagleg utvikling
- Kan få funksjon som kontaktlærar
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som:
- Har utdanning som grunnskulelærar 1.–7. Anna relevant grunnskuleutdanning kan vurderast.
- Har gode digitale ferdigheiter.
- Har undervisingskompetanse i eitt eller fleire av basisfaga norsk, matematikk og engelsk, med særleg vekt på lese- og skriveopplæringa.
- Har undervisingskompetanse i eitt eller fleire praktisk-estetiske fag.
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Personlege eigenskapar vert vektlagde i tillegg til fagkompetanse.
Kven er du?
Me ønskjer å arbeide saman med deg som:
- Har god kjennskap til læreplanverket og vurderingsarbeid i tråd med LK20 og ny opplæringslov
- Skapar motivasjon og engasjement hos elevane
- Møter utfordringar med nysgjerrigheit og ser moglegheiter
- Ønskjer å bidra til deling og aktiv utvikling av skulen
- Har evne til samskaping og byggjer gode relasjonar med barn, føresette, kollegaer og andre instansar
- Har høgt profesjonsmedvit
- Er open for refleksjon rundt eigen praksis og bidreg til at skulen utviklar seg som ein lærande organisasjon
- Har engasjement for utandørs læringsaktivitetar, friluftsliv og gode symjeferdigheiter
Dette får du hos oss
Me kan tilby deg:
- Ein spanande jobb i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Mentorordning for nyutdanna
- Pensjonsordning i statens pensjonskasse og kommunale forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må sendast innan fristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
25.02.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Norane skule
Kontaktpersonar:
Adresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal