Lærarstillingar ved Kvåle skule frå hausten 2026
Vil du vere med og utvikle ein av dei største og mest spennande ungdomsskulane i Sogn?
Kvåle skule er ein 6–10-skule med om lag 400 elevar og 70 tilsette. Frå og med skuleåret 2027/2028 vert skulen ein rein ungdomsskule med fire parallellar på kvart trinn. Det gjer Kvåle skule til ein av dei største ungdomsskulane i det tidlegare Sogn og Fjordane.
Me har ambisjonar. I perioden 2024–2028 har me forplikta oss til eit tett samarbeid med lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Som lærarutdanningsskule bidreg me aktivt i praksisutveksling og kunnskapsutvikling saman med høgskulen. Me er òg ein Dekomp-skule, der me jobbar systematisk med profesjonsfellesskapet vårt, med særleg vekt på elevaktiv undervisning.
Med nærleik til idrettsmiljø, kommunale og statlege aktørar og eit tett samarbeid i kompetanseklynga på Campus Fosshaugane har me sterkt fokus på utvikling og kvalitet i undervisninga. Målet vårt er å vere eit flaggskip for kompetanseutvikling på ungdomstrinnet i Sogn.
Ledige stillingar frå hausten 2026
Me har følgjande stillingar ledige:
- Inntil 400 % årsvikariat
- Inntil 400 % faste stillingar
Det kan òg bli aktuelt med andre ledige stillingar som vert tilgjengelege.
Kvardagen hos oss
Som lærar på Kvåle skule får du ein variert arbeidskvardag. Du vil mellom anna:
- Planleggje og leie elevane si læring, både individuelt og i team
- Vere ein aktiv del av skulen sitt profesjonsfellesskap
- Setje skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid ut i praksis
- Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø, i tett samarbeid med elevane sine heimar
- Kunne ta på deg rolle som kontaktlærar
- Kunne ta på deg rolle som øvingslærar for studentar
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som:
- Har godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen
- Er god digitalt
- Har undervisningskompetanse i eitt eller fleire av basisfaga norsk, matematikk og engelsk
I tillegg har me særleg behov for kompetanse i eitt eller fleire av desse faga:
- Musikk
- Spansk
- Spesialpedagogikk
- Naturfag
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Personlege eigenskapar vert vektlagde i tillegg til relevant fagkombinasjon.
Kven er du?
Me ser etter ein lærar som:
- Har god kjennskap til læreplanverket og er ein pådrivar for utvikling av undervisings- og vurderingsarbeid i tråd med LK20 og ny opplæringslov
- Skaper gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Møter elevane med empati og evne til å sjå heile mennesket
- Viser engasjement og evne til å motivere elevane
- Trivst med samskaping og tek initiativ i profesjonsfellesskapet
Dette får du hos oss
Me kan tilby deg:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Eit fagleg sterkt og framoverlent kollegium
- Ein arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
28.02.2026
Arbeidsstad:
Kvåle skule
Kontaktpersonar:
Adresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal