Lærarstillingar ved Trudvang skule
(Faste stillingar og årsvikariat)
Trudvang skule er ein 1.–5.-skule midt i Sogndal sentrum, med om lag 400 elevar fordelte på 17 klassar og rundt 70 tilsette i skule og SFO. Skulen har aukande elevtal og er inne i ei periode med både dagleg drift og framtidsbygging. Arbeidet med ny Trudvang skule er i gang, og frå 2027 og 2028 står byggetrinn 1 og 2 klare. Då vert skulen ein fullverdig barneskule med trinn 1–7 samla.
I åra som kjem vil leiinga ha fokus både på kvalitet i kvardagen og på etableringa av den nye skulen. Trudvang er ein føregangsskule i bruk av miljørettleiarar i skule og SFO, og personalgruppa er breitt samansett. SFO-drifta er samla rundt ein felles base med eigne aktivitetsrom.
Ledige stillingar
Me lyser ut ledige lærarstillingar, både faste stillingar og årsvikariat. Utlysinga gjeld òg for andre lærarstillingar som kan bli ledige for skuleåret 2026–2027.
Kva går jobben ut på?
Som lærar ved Trudvang skule vil du arbeide breitt på barnetrinnet og vere ein del av eit profesjonsfellesskap i utvikling.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- Undervisning i flest mogleg fag på barnetrinnet
- Kontaktlæraransvar (der dette er aktuelt)
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeid i samarbeid med kollegaer
- Systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter, tverrfagleg arbeid og elevane sitt læringsmiljø
- Systematisk oppfølging av elevane si læring og utvikling
- Tett og godt samarbeid mellom skule og heim
- Aktiv deltaking i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som er utdanna lærar og kan arbeide på stega 1–5. I tillegg legg me vekt på at du ønskjer å bidra i fellesskapet rundt elevane og i den vidare utviklinga av skulen.
Ved Trudvang skule får du:
- Ein fagleg utfordrande kvardag i eit trygt og triveleg arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer og samarbeid på tvers av roller i skule og SFO
- Ein arbeidsplass i utvikling, både pedagogisk og organisatorisk
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må sendast innan fristen via rekrutteringssystemet vårt, Easycruit.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
28.02.2026
Arbeidsstad:
Trudvang skule
Kontaktpersonar:
mob: 95005333
Adresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal