Miljørettleiarstillingar ved Leikanger barneskule
(Moglege stillingar frå august.)
Ein kvardag tett på barna
Leikanger barneskule er ein 1.–7.-skule med 206 elevar fordelte på 11 klassar, mellom anna ein mottaksklasse. Me har asylmottak i bygda, noko som gjer at skulekvardagen vår rommar både fagleg breidde og ulike behov hos elevane. På SFO, Bjørnehiet, har me 104 barn, og totalt er me 34 tilsette i skule og SFO.
Skulen ligg ved utløpet av Henjadalen, med naturen tett på. Den brukar me aktivt både i skuletida og i SFO. Me held til i to skulebygg, eitt frå tidleg 80-tal og eitt frå 90-talet. I det pedagogiske arbeidet har me særleg fokus på klasseleiing, BTI (betre tverrfagleg innsats) og utviklingsprosjektet leseglede.
Om stillinga og kvardagen
Me lyser ut eventuelle miljørettleiarstillingar som kan bli ledige frå august. Stillinga inneber arbeid både i skule og SFO. Du jobbar i turnus med 7,5 timars vakter innanfor opningstida 07.30–16.30.
Arbeidsoppgåvene er knytte til:
- Arbeid i klasse
- Styrking og oppfølging av einskilde barn
- Støtte til barn både fagleg og sosialt gjennom skule- og SFO-dagen
Rolla inneber tett samarbeid med både lærarar, SFO-tilsette og leiing, og mykje av arbeidet skjer i direkte møte med barna i kvardagen.
Ved Leikanger barneskule og SFO får du:
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit trygt og triveleg miljø
- Dyktige kollegaer og tett samarbeid på tvers av roller
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter avtaleverket
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som har utdanning som miljørettleiar eller fagarbeidar, eller erfaring med arbeid med barn og unge.
Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me ønskjer tilsette som er trygge og tydelege vaksne, som byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer.
Du må ha evne til å sjå den enkelte i gruppefellesskapet, og trivast med ein kvardag der mykje av arbeidet skjer ute og i aktivitet.
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Kontakt
Siri Randen, SFO-leiar
Telefon: 57 65 26 14 eller 91 82 41 02
E-post: siri.randen@sogndal.kommune.no
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
28.02.2026
Arbeidsstad:
Leikanger barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.leikanger-barneskule.no/Adresse:
Holevegen 15- 18 6863 Leikanger