100 % vikariat som fagarbeidar/assistent i Notsete barnehage
Vil du jobbe tett på naturen og barna?
I Notsete barnehage får du ein kvardag der skogen startar rett utanfor døra, og der barna får bruke kroppen, fantasien og nysgjerrigheita kvar dag.
No har me ledig eit 100% vikariat som fagarbeidar/assistent for barnehageåret 2026/2027. Det kan også bli andre stillingar i same periode.
Ein liten barnehage med store moglegheiter
Notsete barnehage er ein toavdelingsbarnehage om lag 10 minutt frå Sogndal sentrum, i retning Sogndalsdalen.
Her jobbar du i ein mindre barnehage, der du blir godt kjend med både barn, kollegaer og føresette. Samstundes har du naturen tett på, med skog og uteområde som gir rom for både leik, utforsking og meistring gjennom heile året.
Dette er ein plass der kvardagen ikkje blir lik frå dag til dag, og der du får vere ein viktig vaksen i livet til barna.
Kva vil du jobbe med?
Du blir ein aktiv del av kvardagen i barnehagen, og skal:
- Bidra til trygge og gode dagar for barna
- Jobbe for inkludering og eit godt sosialt miljø
- Vere tett på i leik, aktivitet og samspel
- Byggje gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- Bidra til leik, læring og utvikling i tråd med barnehagen sitt arbeid
Her handlar det om å vere til stades, sjå barna og bidra der det trengst.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som gjerne har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men også du som har anna relevant erfaring og praksis kan vere aktuell.
Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva er viktig for oss?
Me treng ein kollega som:
- Er omsorgsfull, tolmodig og tydeleg
- Er engasjert i leik og samspel med barna
- Tek initiativ og ansvar i kvardagen
- Trivst ute, uansett ver
- Samarbeider godt med andre
- Er fleksibel og løysingsorientert
Kvifor velje Notsete?
Her får du ein kvardag med korte avstandar og nære relasjonar. Du blir ein del av eit lite fagmiljø der du faktisk merkar at du betyr noko både for barna og for kollegaene dine.
Me tilbyr:
- Ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsdagar tett på naturen
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
Sogndal kommune er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune som jobbar for gode oppvekstvilkår og utvikling i lag.
Viktig å vite
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
12.04.2026
Arbeidsstad:
Notsete barnehage
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.notsete-bhg.noAdresse:
Notsete 6856 Sogndal