Vikariater som fagarbeidar/assistent i Sagatun barnehage
Sagatun barnehage er ein fleirkulturell barnehage med fire avdelingar. Mangfald og inkludering er viktig for oss, og vi legg til rette for eit miljø der mangfald vert sett på som ein ressurs.
Barnehagen ligg sentralt i Balestrand, med eit stort uteområde som inkluderer lavvo og gapahuk, og med kort veg til mange spennande turmål. Her kan vi boltre oss i Badelaguna, på Balasletta og ved Kong Bele-statuen, på fotballbana og i klatreparken, i skogsløyper, og sjå på dragehus og andre spennande bygg, alt innan kort rekkevidde. Sentrum med butikkar, hotell og reiselivsmuseum ligg berre nokre få minutt unna.
Vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på laget, skape gode og trygge rammer for barna, og som ser gode relasjonar som ei kjelde til utvikling, utforsking og leik.
Det er ledig eit vikariat i 100%, og eit i 60% stilling som fagarbeidar/assistent i Sagatun barnehage i Sogndal kommune frå 01.08.26 og fram til 15.08.27
Det kan i tillegg bli mogleg å kombinere denne stillinga med jobb som tilkallingsvikar, dersom du ynskjer det.
Arbeidsoppgåver:
- Skal legge til rette for eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø for alle barna i barnehagen.
- Har i samarbeid med pedagogisk leiar og andre medarbeidarar på avdelinga ansvar for å fylgje opp det pedagogiske arbeidet.
- Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet.
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette.
- Bygge gode relasjonar med barna, føresette og kollegaer.
- Bidra til godt arbeidsmiljø i barnehagen.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som Barne -og ungdomsarbeidar, andre er også velkomne til å søke.
- Gjerne arbeidserfaring frå barnehage.
- Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg.
- Interesse for og erfaring med friluftsliv og fysisk aktivitet for barn.
- Interesse for og erfaring med mat og helse, og legge til rette for barns medverknad i mat og måltidsaktivitetar.
- Evnar å ta barneperspektivet og bygge relasjonar.
- Likar å vere med i leiken.
- Interesse og erfaring for å arbeide med inkludering og mangfald i ei fleirkulturell barnegruppe.
Personlege eigenskapar:
- Engasjement for arbeid med barn.
- Tek initiativ og ansvar.
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar.
- Fysisk aktiv og leiken.
- Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar.
- Likar å arbeida saman med andre.
- Taklar høgt tempo i kvardagen.
- Godt humør.
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen
Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.
Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande både i relasjonsbygginga med barna, det førebyggande arbeidet og det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barna.
Me tilbyr:
- Ein spanande og meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Kjekke og varierte dagar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode velferdsordningar.
- Rettleiing for nyutdanna pedagogar og nytilsettsamling for alle nytilsette i barnehage.
- Mykje frisk luft og fysisk aktivitet i flott natur.
Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø
I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing, og me er ein kommune som er framoverlent og nytenkjande.
Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.
Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: Samskapande – Open – God – Nysgjerrig. Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no
Andre opplysningar:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk, og alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Søknadsfrist:
12.04.2026
Arbeidsstad:
Sagatun barnehage
Kontaktpersonar:
mob: 48959788
Adresse:
Riverdalen 5 6899 Balestrand