Barnehagelærar i Fosshagen utdanningsbarnehage
Vil du jobbe tett på både barn, fagmiljø og utdanning midt i Sogndal sentrum?
Fosshagen utdanningsbarnehage har no fleire ledige stillingar som barnehagelærar frå 01.08.2026:
- 100 % fast stilling
- 100 % vikariat (01.08.2026–31.07.2027)
- 100 % vikariat (01.08.2026–31.07.2027), der delar av stillinga kan vere knytt til arbeid med barn med særskilte behov
- Det kan også bli ledig eit vikariat som barnehagelærar/pedagogisk leiar i 100 % stilling i same periode
Det kan bli fleire stillingar, og søkjarar kan bli vurderte til desse.
Ein barnehage tett på fag og utvikling
Fosshagen utdanningsbarnehage ligg midt i Sogndal sentrum, i eit nytt bygg frå 2020, med eplehage som næraste nabo og kort veg til både campus og fjord.
Her jobbar du i ein stor barnehage med 102 barn og 35 tilsette, sju avdelingar (fire småbarn og tre storbarn), og eit fagmiljø med brei kompetanse.
Me har eit tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Barnehagen er lærarutdanningsbarnehage, noko som betyr at du blir ein del av eit miljø der praksis, utvikling og forsking heng tett saman. Her er du ikkje berre utøvar av faget, du er med og utviklar det.
Rom for både leik og fag
Midt i barnehagen finn du “Hjarterommet”, eit stort fellesrom for leik, rørsle og samlingar. Dette rommet blir brukt aktivt i kvardagen, og er også ein ressurs for andre barnehagar i kommunen.
Avdelingane er oppkalla etter kjende turmål i området som Nuken, Laugi, Fagereggi, Stedjeåsen, Blåfjell, Togga og Tylderingen. Dette speglar også kvardagen hos oss, der både uteområdet og nærområdet blir aktivt brukt til leik, utforsking og gode opplevingar gjennom året.
Kva kjem du til å jobbe med?
Du blir ein del av det pedagogiske arbeidet i barnehagen, og skal:
- Leggje til rette for eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø
- Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeidet saman med pedagogisk leiar
- Bidra i faglege prosessar og godt samarbeid med føresette
- Gi rettleiing og støtte til kollegaer
- Vere med og drive ei avdeling fagleg
- Byggje gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer
Dette er ei rolle der du både jobbar tett på barna og tek ansvar i det faglege fellesskapet.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som har:
- Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning
- Gjerne erfaring frå barnehage
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gjerne rettleiarutdanning eller interesse for rettleiing
- Interesse for friluftsliv, fysisk aktivitet og barns medverknad
I tillegg betyr det mykje at du er engasjert, leiken og initiativrik. Vi ser og gjerne at du er inkluderande og open og god på relasjonar.
Leiken står sentralt
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagane.
For oss handlar det om meir enn aktivitet. Leiken er ein viktig del av relasjonsbygging, det førebyggande arbeidet og det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø.
Kvifor velje Fosshagen?
Her får du ein kvardag der fag og praksis møtest. Du jobbar i eit miljø med høg kompetanse, samarbeid med utdanningsmiljø og gode moglegheiter for utvikling.
Me tilbyr:
- Ein meiningsfull og variert jobb
- Rettleiing for nyutdanna og samling for nytilsette
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Velferdsordningar og tilsettetrening
- Ein aktiv kvardag med leik, aktivitet og uteområde
Litt om oss
Sogndal kommune er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune med høgt kompetansemiljø. Me jobbar tillitsbasert og legg vekt på samarbeid, utvikling og kvalitet i tenestene våre.
Viktig å vite
Politiattest krevst før tilsetjing.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Søknad må sendast via EasyCruit innan fristen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
12.04.2026
Arbeidsstad:
Sogndal
Kontaktpersonar:
tlf: 57652881
Adresse:
Trolladalen 6856 Sogndal