Sakshandsamar i avdeling for mottak, barnevernsvakt og tenesteutvikling
Me søkjer no etter ein sjølvstendig, strukturert og fagleg trygg sakshandsamar i 100% fast stilling.
Mottak, barnevernsvak og tenesteutvikling er ei nyoppretta avdeling i Sogn barnevern, og teamet vil bestå av 3-4 tilsette. Avdelinga har ansvar for handtering av henvendingar, sakshandsaming, det førebyggande arbeidet, tverrfagleg samarbeid og vidareutvikling av tenesta.
Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Luster, Sogndal og Vik, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge.
Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har starta arbeidet med å etablere ei ny felles barnevernsteneste frå 1. januar 2027. Sogndal kommune er vertskap for den nye tenesta, og det vil vere kontorlokasjon på begge sider av Sognefjorden. Dette er ei unik moglegheit til å vere med frå starten – og bidra til å forme korleis tenesta skal arbeide, samarbeide og utvikle seg. Du vil bli ein del av eit nytt og større fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og tenester. Stillinga vil halde fram i den nye tenesta.
Me har ledig:
Ei fast stilling, 100% sakshandsamar
Arbeidsoppgåver:
Som sakshandsamar vil arbeidskvardagen i hovudsak bestå av sakshandsaming etter Lov om barnevern. Teamet vil t.d. ha ansvar for meldingshandtering, koordinere akutte saker, handsaming av innsynskrav og klagesaker, rapportering, faglege vurderingar og dokumentasjonsarbeid, fasilitere opplæring av nytilsette og student, strukturert rettleiing, tenesteutvikling og implementering av nye arbeidsmetodar, utvikle rutinar m.m.. Teamet er kontorets ansikts utad, og vil i stor grad representere tenesta i det førebyggande tverrfaglege samarbeidet.
Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Me er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar:
Bachelor i barnevern eller sosialt arbeid. Søkarar med relevant helse- og sosialfagleg utdanning kan bli vurdert.
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
Gode IT ferdigheiter.
Ønskjeleg med erfaring frå barnevern/anna relevant erfaring frå sakshandsaming knytt til barnevernslova.
Ønskjeleg med erfaring frå mottaksarbeid, herunder vurdering av bekymringsmeldingar, akuttarbeid, rettleiing knytt til lovverk, anonyme drøftar m.m.
Ønskjeleg med erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid.
Førarkort: klasse B/automatgir.
Tilfredsstillande politiattest må framleggas ved tilsetting.
Me ser etter deg som har:
Erfaring frå barnevern/anna relevant erfaring frå sakshandsaming knytt til barnevernslova.
Jus kompetanse.
Rettleiingskompetanse.
Kompetanse knytt til førebyggande arbeid.
Kompetanse knytt til samarbeid, nettverksbygging og utviklingsarbeid.
Erfaring frå det digitale fagprogrammet Visma Flyt barnevern.
Personlege eigenskapar:
Me søker ein kollega med høgt fagleg engasjement og integritet, som er ansvarsbevisst og sjølvstendig, og har evne til å både ta eige initiativ og samtidig vere lydhøyr og lojal.
Du må ha gode haldningar og evne å samarbeide godt, både med familiar, internt i tenesta og med våre samarbeidspartnarar.
Du er ein person som meistrar å arbeide strukturert og systematisk. Du skal samtidig ha gode faglege og analytiske ferdigheiter.
Du må kunne ta forsvarlege avgjersler under tidspress, både åleine og saman i teamet.
Du er utviklingsorientert og ynskjer å bidra i forbetringsarbeidet. Du har evne til omstilling og å kunne tilpasse deg nye krav.
Du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar og stress.
Kva får du hjå oss:
Du får bidra til at risikoutsette barn og unge får betra sine omsorgstilhøve, og at familiar får ein betre kvardag.
Du får vere med å løfte oss slik at me kan gje barn, unge og deira familiar endå betre tenester.
Me har eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling gjennom opplæring, rettleiing og samarbeid intern og med andre.
Systematisk opplæring, og vekentleg rettleiing det første året. Deretter deltek du på/mottek du rettleiing annankvar veke.
Me er ein sosial og inkluderande gjeng som finn på kjekke aktivitetar i og etter arbeidstid.
Ein spanande og god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar og spanande arbeidsoppgåver der det dagleg vert jobba med å kvalitetsutvikla tenestene våre.
Ein variert arbeidskvardag, med stor fagleg og arbeidsmessig autonomi.
Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, samtidig som det er forventing om noko justert arbeidstid for gjennomføring av t.d. møteverksemd og akuttarbeid.
Løn etter avtaleverket.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Intervju vert gjennomført 27. og 28. juli 2026.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.07.2026
Arbeidsstad:
Sogndal
Kontaktpersonar:
Adresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal