Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Ferievikar - Sjukeheim og heimetenesta - Leikanger

 

Om stillinga

Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2024 til sjukeheimen og heimetenesta på Leikanger.

Arbeidsperioden vil vere i tida 17.06.2024 - 19.08.2024 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert.

Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.

 

Tilsetjing vil skje fortløpande.

Arbeidsoppgåver:

  • Helsehjelp til eldre på sjukeheim, brukarar i heimetenesta og omsorgsbustad
  • Oppfølging av ernæring

 

Kvalifikasjonar:

  • ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • vere fylt eller fylle 18 år i løpet av 2024 (for søkjarar til kjøkken/postassistent vil yngre verte vurdert)
  • Førarkort for dei som skal jobbe i heimetenesta

 

Personlege eigenskapar:

  • evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
  • oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
  • Imøtekommande

 

Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.

 

Me tilbyr:

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
  • Løn etter tariff jf. HTA.
  • Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter.
  • Bistand med å skaffe bustad.

 

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Tilsetting blir gjort fortløpande.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Leikanger

Adresse:

Ohnstadhaugen 15 6863 Leikanger

Kart: