Sogndal kommune Sogn barnevern

Leiar Sogn barnevern

Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt komptansemiljø 

Velkommen til utfordrarbygda! Her tek me innspel frå innbyggjarane på alvor og let oss utfordre. Derfor har me laga ein samfunnsplan basert på 400 innspel som stadfestar at me skal vere best på oppvekst.  Sogndal kommune er ein av kommunane i landet med høgast utdanningsnivå. Me har eit tett samarbeid med lærarutdanninga på Campus Sogndal. Dette betyr at du vil vera ein del av eit framoverlent og nytenkjande fagmiljø som heile tida er oppdatert og oppteken av å gjere det beste  for born og ungdommar i kommunen. 

Sogndal kommune er vertskommune for den interkommunale barnevernstenesta for Luster og Sogndal. Dei to kommunane har eit samla folketal på om lag 17 000 innbyggjarar. Sogn barnevern har om lag 18 årsverk og har kontorstad i Sogndal.  Sogn barnevern driftar også vakttelefon for fleire kommunar i Indre Sogn.

Sogndal og Luster kommune arbeider kontinuerleg for å gje innbyggjarane tenester av høg kvalitet. For å kunne hjelpe barn, unge og foreldre i sårbare livssituasjonar, krev det at me lukkast med eit godt samarbeid mellom kommunen sine tenester, andre offentlege aktørar, frivillige, familie, nettverk og lokalsamfunnet.

Sogndal kommune nyttar betre tverrfagleg innsats (BTI) som ein samhandlingsmodell for å gi heilskaplege tenester til barn og unge, og oppvekstreforma er solid etablert i kommunen og i tenesta.

No har me behov for deg som ønskjer å ta over leiarrolla i Sogn barnevern. Som leiar i Sogndal kommune får du god hjelp til leiarutvikling, og me er mange som vil trå til for å få deg til å lukkast i jobben. 

Du utmerkar deg som ein tydeleg, stabil og fagleg dyktig leiar med evna til å samla ei gruppe aktivt for å styrke satsingsområda til kommunane. Barnevernsleiar er ein del av Sogndal kommune sitt tverrfaglege leiarteam for oppvekstsektoren og må arbeida for at tenestene skal vera til det beste for innbyggjarane. Som barnevensleiar er du synleg og tilgjengeleg.

 

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde: 

  • ansvar for barnevernstenesta: personalansvar, fagansvar og økonomi
  • tenestene me leverer skal vere dei beste og av høg fagleg kvalitet. Ditt ansvar er å sikra at barnevernstenesta aktivt støttar og vidareutviklar heilskaplege tenester med barnehagar, skular og helsestasjon i deira arbeid 
  • utøve leiing i samsvar med Sogndal kommune sine verdiar og leiarplattform og verdiar. Dette vil blant anna seie at du skal ha ein tillitsbasert leiarstil 
  • bidra til og leggje til rette for eit trygt og godt arbeidsmiljø. Tilsette skal ha gode kvardagar og høg grad av trivsel.
  • byggje ein kultur som skapar tillit hjå barn, foreldre, samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet elles
  • kvalitetssikre at rutinane til tenesta er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter
  • utvikle og sikre god internkontroll og ein velfungerande samarbeidsstruktur  

 

For å kunna jobba som barnevernsleiar er det viktig at du har følgjande formelle kvalifikasjonar:

  • relevant universitets-/høgskuleutdanning, i samsvar med Lov om barnevern § 15-6.
  • relevant leiarutdanning/-erfaring.

 

Ønska kvalifikasjonar inkluderer:

  • solid og relevant erfaring frå kommunal barnevernteneste
  • digitalt kompetent og nysgjerrig
  • kompetanse eller erfaring med rettleiing
  • presis i skriftleg og munnleg kommunikasjon
  • førarkort klasse B, med eigen bil tilgjengeleg ved behov

 

 Personlege eigenskapar:

  • me har eit ynskje om at du er ein som kan få dei tilsette til å få utvikla seg utfrå individuelle eigenskapar
  • det er viktig for oss at du er sjølvstendig og at du er god på å bygge relasjoner 
  • ein god leiar er tydleg når ein kommuniserer med sine tilsette, både når det gjeld tilbakemeldingar og på forventningar 
  • ein viktig eigenskap er også at du viser fleksibilitet i høve endring og omstilling
  • me ønskjer også velkommen deg som er nytenkjande og som har eit ønskje om å prøve ut nye tankar og ideear

 

Det vil verte lagt vekt på personlege eigenskapar.  

 Me tilbyr:

  • varierte og spanande arbeidsoppgåver på ein arbeidsplass med eit tydleg samfunnsansvar 
  • gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • tett og god oppfølging frå leiing og støttetenestene 
  • du vil høyre til i eit fagmiljø med god kompetanse
  • kollegaer som bryr seg om deg og som har godt humør, me vil strekkje oss langt for at du skal ha det bra 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

28.04.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal - Luster

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: