Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal

Helsefagarbeidarar

Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidar til teamet vårt i heimesjukepleien.

No er det ledige stillingar, og vi håpar DU vil bli vår nye kollega.

Som helsefagarbeidar i heimesjukepleien vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse.
Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Me har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. 
Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper og intravenøs behandling. 

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. 
Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer. Det er tredelt turnus med natt og jobb kvar 3.helg.

 

Om stillinga:

Heimetenesten avd Sogndal har ledig stilling:

100% vikariat stilling som helsefagarbeidar

For stillingane gjeld 3 delt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Tilsetjing fortløpande.

 

Arbeidsoppgåver:

· Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL

-       Utføre pleie og omsorgsoppgaver av pasientar

-       Utføre arbeidsoppgåver i tråd med vedtak, og gjennomføre oppdrag i henholdt til tildelt arbeidsliste

-       Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS og ADL

-       Rådgjeving/rettleiing av kollegaer/studentar og pasientar/pårørande

-       Velferdsteknologi prosjekter

-       Kvardagsrehabilitering i heimen

-       Tverrfagleg samarbeid med ulike profesjonar

-       Ernærings/tannkontakt

Stor breidde i pasientgruppa både når det gjelder alder og medisinske behov.

 

Krav til kvalifikasjonar:

· Ferdig utdanna helsefagarbeidar

· Må beherske norsk skriftleg og munnleg

· Førarkort klasse B

· Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

 

Personlege eigenskapar:

· Gode samarbeidsevner for å nå felles mål

· Løysning/utviklings orientert og skape resultat saman med andre

· Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team

· Skape tillit og aksept

· Lojalitet til arbeidsgjevar/kollegaer og tenestemottakar

· Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse

· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt

· Må trivast i eit aktivt og travelt miljø og like varierte utfordringar

 

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

· Løn etter tariff

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

29.04.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Adresse:

Skulevegen 6856 Sogndal

Kart: