Sogndal kommune Kjøkken - Sogndal helse og omsorgssenter

Kokk med fagbrev

Kjøkkenet ved Sogndal helse- og omsorgssenter produserer dagleg mat til ca. 120 bebuarar ved institusjon. I tillegg leverer kjøkkenet middagar til heimebuande. Ein dag i veka leverer ein varmmat til SFO ved barneskulen i Sogndal. Me driv etter kok-/serverprinsippet. Kjøkkenet har også ansvaret for kantinedrift 2 dagar i veka og lagar møtemat på bestilling. Me har for tida avtale med Frivilligsentralen som køyrer mat til heimebuande.

Det er 9 faste tilsette ved kjøkkenet i dag i tillegg til lærlingar, elevar og praksiskandidatar.

 

Å jobbe ved kjøkkenet er både lærerikt og utviklande. Me set fokus på å tilrettelegge for både matkulturar og tilpassa ernæringsbehov. Me søkjer difor etter deg som er engasjert, motivert og serviceinnstilt.

 

Me har ledig 52% fast stilling som kokk frå 1.9.2024.

Arbeidstida er for tida på dagtid (vakter mellom kl. 07-17.00) og jobb kvar 3.helg. Du må pårekne å jobbe fram til kl.18.00 enkelte vakter. Det kan også vere høve til å ta ekstravakter.

 

Arbeidsoppgåver:

· Tinging av varer og varemottak

· Tilbereding av frukost, lunsj, middag og kvelds

· Planlegging av ulike diettar

· Andre førefallande kjøkkenoppgåver (kjøkkenreinhald, oppvask, skrelling av grønnsaker, baking m.m.)

· Ansvarsvakt

· Oppfølging av lærlingar/elevar/praksiskandidatar

· Bruk av kvalitetssikringssystemet (HACCP, Ik-mat)

 

Kvalifikasjonar:

· Fagbrev som kokk

· God kunnskap om ernæringsarbeid, spesialkost og kvalitetssikring av mat

· Grunnleggande datakunnskapar

· Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg

 

Personlege eigenskapar:

· Må kunne jobbe sjølvstendig, men samtidig ha gode samarbeidsevner.

· Vere fleksibel, strukturert og effektiv

· Løysingsorientert og serviceinnstilt

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Lønn etter tariff

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Trening for tilsette

 

Kontaktperson for stillinga er kjøkkenleiar Ann Elisbeth Skjerven, tlf: 91344415, e-post: ann.elisbeth.skjerven@sogndal.kommune.no

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

01.09.2024

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skrivarvegen 7 6863 Leikanger

Kart: