Sogndal kommune Tildelingskontoret

Koordinator for velferdsteknologi - prosjektstilling

Har du teft og interesse for teknologi? Sogndal kommune er no i gong med spennande arbeid med velferdsteknologi, og ynskjer å ha deg med på laget! 

Me ynskjer å styrke satsinga på velferdsteknologi i helse- og omsorgstenestene i Sogndal kommune. Me vil jobbe for å utvikle tenestene i samarbeid med innbyggjarar, og me ynskjer at innbyggarane sine ressursar og målsetnader skal vere førande for dei tenestene me gir. Velferdsteknologikoordinator skal vere pådrivar for å skape gode brukaropplevingar og digitale løysingar i tenestene.  

Me ser etter deg som har interesse for digitalisering og likar utviklingsarbeid.  Hovudfunksjonen til velferdsteknologikoordinator vil vere å kartlegge søkjar sitt hjelpebehov, og vere pådrivar for at teknologi blir vurdert som eit alternativ ved tildeling av tenester. Koordinator for velferdsteknologi skal også fungere som eit bindeledd mellom dei ulike helsetenestene i kommunen, IT- avdelinga, digitaliseringsteam og leverandørar av velferdsteknologi. 

Tildelingskontoret har ledig ei 100 % mellombels prosjektstilling, med moglegheit for fast tilsetting etter eit år. Stillinga er ledig for oppstart snarast. 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Sakshandsaming, herunder informasjon, kartlegging og tildeling av tenester (vedtak). 

  • Vere pådrivar for at teknologi blir vurdert som eit alternativ ved tildeling av tenester 

  • Gjennomføre innsiktsarbeid knytt til velferdsteknologi. Kartlegge behovet for velferdsteknologiske løysingar i kommunen og på tvers av tenester. 

  • Formidle informasjon om velferdsteknologi til innbyggjarar og tilsette, via dialogmøter, undervisning og internett/ intranett.  

  • Bidra til å koordinere implementering av velferdsteknologi i samarbeid med innbyggar og tilsette i tenestene, i samsvar med heilskapeleg tenestemodell for velferdsteknologi. 

  • Innhald i stillinga vil kunne endre seg ut i frå behov 

 

Kvalifikasjonar: 

  • 3 årig helse- og sosialfagleg utdanning 

  • Erfaring frå tildelingsarbeid og sakshandsaming 

  • Kunnskap om velferdsteknologi og velferdsteknologiske løysingar  

 

Ynskja kvalifikasjonar: 

  • Kjennskap til kommunal helse- og omsorgsteneste 

  • Erfaring frå forbetringsarbeid 

  • Kjennskap til pasientjournalsystemet Gerica 

  • Personlege eigenskapar vil bli ilagt stor vekt ved tilsetting 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Du er innovativ, fagleg sterk, robust, roleg og har stor arbeidskapasitet  

  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, men også vere kreativ og fleksibel når situasjonar tilseier det  

  • Du har interesse for velferdsteknologi  

  • Du er utviklingsorientert  

  • Du er profesjonell og effektiv i ditt arbeid  

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med tilsette/kollegaer, innbyggjarar og andre samarbeidspartnarar  

  • Du er nytenkande og initiativrik, og har evne til å sjå etter nye løysingar som gjer det enklare for innbyggjarar og tilsette 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Fossetunet 2, 6856 Sogndal

Kart: