Sogndal kommune Institusjon - helse

Helsefagarbeidarar

Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til  korttid/KAD/rehab og langtidsavdelinga ved Sogndal helse og omsorgssenter.

No er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega.

Som helsefagarbeidar på Sogndal helse og omsorgssenter blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid.

Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert.

Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.  

 

Om stillingane

Sogndal helse og omsorgssenter i Sogndal kommune har ledig følgjande stilling

  • 100% vikariat som helsefagarbeidar i tredelt turnus i eitt år
  • 80% fast som helsefagarbeidar i tredelt turnus
  • 80% vikariat som helsefagarbeidar i tredelt turnus med moglegheit for fast
  • 80% vikariat som helsefagarbeidar i tredelt turnus i eitt år

 

Vernepleiarar vil også verte vurdert for stillingane.

 

For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim.
  • Medansvar for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam.
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet.
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer.
  • Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar
  • Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremjee fagkompetanse og kvalitet i pleie.
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø.

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar eller vernepleiar med norsk autorisasjon.
  • Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel.
  • Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering.
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar:

  • Er løysingsorientert og positiv
  • Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som helsefagarbeidar
  • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
  • Er ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Godt fagleg miljø.
  • Løn etter tariff.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Adresse:

Skrivarvegen 7 6863 Leikanger

Kart: