Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter

Sjukepleiarar

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til korttid/rehab/KAD og langtidsavdeling ved Sogndal helse og omsorgssenter

No er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega.

Som sjukepleiar på desse avdelingane vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse.

Me har stor breidde i oppgåver og pasientgruppe, der me leverer alt frå akutte hendingar, rehabilitering og til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper, intravenøs og blodprøvar. Me samhandlar med spesialisthelsetenesta, pårørande og andre einingar i kommunen. Me har fokus på det gode pasientforløp og jobbar målretta med fagutvikling.

 

Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring.

Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Me har ei langtidsavdeling og ei rehab/korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Omsorgssenteret ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til bebuarane og brukarane våre. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

 

Om stillingane

Sogndal helse og omsorgssenter i Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar:

  • Sjukepleiar 100 % fast stilling i turnus
  • Sjukepleiar 80 % vikariat i eitt år
  • Sjukepleiar 100% vikariat i eitt år
  • Sjukepleiar 100% vikariat i eitt år

 

Vernepleiare vil også verte vurdert til vikariatstillingane

For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg. Det er moglegheit for tilpassingar av turnus, og langvakter om ein ynskjer det.

 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver på langtidsavdeling, korttid og KAD. Blant anna oppgåver som sårstell, intravenøs, sondeernæring, ulike typar kateter, medikamenthandtering og lindrande behandling.
  • Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL og bruk av NEWS
  • Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på institusjon.
  • Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.
  • Vurdere behov og planlegge heilskapleg helsehjelp og tiltak i samarbeid med bebuar, pårørande, tilsynslege/fastlege, kollegaer og leiing.
  • Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga
  • Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
  • Ivareta godt pårørandesamarbeid
  • Legemiddelhandtering og administrering

 

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Legevisittar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Velferdsteknologi

 

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie, eventuelt vernepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan rehabilitering, akuttsjukepleie for kommunehelseteneste, velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri.

 

Personlege eigenskapar:

  • Er løysingsorientert og positiv
  • Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som sjukepleiar
  • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
  • Er ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

 

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

 

Me tilbyr:

  • Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar.
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Adresse:

Skrivarvegen 7 6863 Leikanger

Kart: