Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Helsefagarbeidarar

Me ynskjer fleire dyktige helsefagarbeidarar til Leikanger sjukeheim og heimeteneste.

No er det ledige stillingar, og me håpar du vil bli vår nye kollega.

Som helsefagarbeidar på Leikanger blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

 Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering/kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.

Leikanger sjukeheim og heimeteneste er lokalisert på same bygg og ligg i tilknytning til legekontor og fysio/ergoterapitenesta. Noko som gir eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til bebuarane og brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

 

Om stillingane:

Leikanger sjukeheim og heimeteneste har ledig følgjande stillingar:

· Helsefagarbeider 63% fast stilling på natt i heimetenesta

· Helsefagarbeider 80% fast stilling i turnus på sjukeheimen

Stillingane har arbeid kvar 3. helg.

Vernepleiarar blir og vurdert for stillingane.

Ledige frå snarast

 

Arbeidsoppgåver:

· Heilskapleg pleie og omsorg til heimebuande og på institusjon.

· Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam

· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

· Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer

· Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar

· Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie

· Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar:

· Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon

· Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel

· Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering

· Beherske norsk, skriftleg og munnleg

· Førarkort kl.B for stililng i heimetenesta

 

 Personlege eigenskapar:

· Er løysingsorientert og positiv

· Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som helsefagarbeidar

· Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig

· Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Taklar ein uforutsett arbeidskvardag

· Er ansvarsfull og serviceinnstilt

· Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet

· Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

 

 Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

· Løn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Leikanger

Adresse:

Ohnstadhaugen 15 6863 Leikanger

Kart: