Sogndal kommune Vatn og avløp

Prosjektleiar - vatn og avløp

Ønskjer du ein spanande jobb innan eit viktig arbeidsfelt? Er du den prosjektleiaren Sogndal kommune treng? 

 

Me har ledig 100% fast stilling som prosjektleiar ved tenesteområdet vatn og avløp.

Tenesta har ansvaret for utvikling, drift og vedlikehald av kommunen sine vatn- og avløpsanlegg i heile Sogndal kommune. Tenesta består per dato av 10 tilsette og har ansvaret for drift og vedlikehald av fire større vassverk og fem større reinseanlegg, med tilhøyrande røyrnett og anna infrastruktur. Vår innsats syt for reint vatn i kranane til innbyggarane i kommunen, og sikrar at avløpet blir handtert forsvarleg. Tenesta har i tillegg rolle som fagkyndig innan teknisk infrastruktur opp mot plan og forvaltning i kommunen. I hovudplanen for drikkevatn og framtidig hovudplan for avløp er det avdekka/venta at arbeidsmengda innan prosjekt vil gå markant opp i åra som kjem. Me utvidar difor staben vår med nye prosjektleiarar.

 

Rolla som prosjektleiar inneber fylgjande:

  • Prosjektleiing og oppfølging av vatn- og avløpsprosjekt.
  • Budsjetthandsaming og økonomisk oppfølging av prosjekt.
  • Byggeleiing og tett samarbeid med entreprenørar.
  • Delta i planlegging og gjennomføring av driftsprosjekt.
  • Teknisk rådgjeving og bistand til interne og eksterne aktørar.

 Kvalifikasjonar:

  • Ingeniørutdanning.
  • Førarkort klasse B. Det er ønskjeleg med førarkort BE.
  • Det er ønskjeleg at du kan vise til referanseprosjekt som prosjektleiar og har erfaring innan området.
  • Erfaring innan budsjettering og rapportering er ein fordel.
  • God kjennskap til NS 3420, NS 8406 og NS 8407 er ein fordel.
  • Gode norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg. At du er stødig i skriftleg nynorsk er ønskjeleg. 

 Personlege eigenskapar:

  • Du identifiserer utfordringar og legg fram forslag til løysingar på eige initiativ.
  • Du er villig til å løyse utfordringar i lag med andre og på ulike måtar.
  • Du arbeider sjølvstendig, målretta og er tydleg i kommunikasjonen.
  • Du arbeider systematisk med større problemstilingar.
  • Du evnar å tilpasse deg arbeidsoppgåvene som må gjennomførast.

 Me tilbyr

  • Variert arbeid både inne og ute.
  • Godt arbeidsmiljø med høve til å påverke, og gode høve for vidareutvikling.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Lønn etter avtale.
  • Nynorsk som arbeidsspråk.
  • Trening for tilsette i Sogndal kommune.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon, ta gjerne direkte kontakt med Gjert Aaberge Dahl som er vår tenesteleiar innan vatn og avløp. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

03.06.2024

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Riverdalen 5 6856 Sogndal

Kart: