Sogndal kommune Sogndalsskulen

Lærar i Sogndalsskulen

Me er på jakt etter fleire lærarar i Sogndalsskulen. Me treng deg som vil ta i vare barn og ungdommar som har kvardagen sin på skulen, itilleg til at du møter elevane med respekt og positivitet.  

Sogndal kommune er oppteken av samarbeid og erfaringsutveksling for å sikre god kvalitet og utvikling for alle elevane i den langstrakte kommunen vår.  

Les meir om dei ulike skulane i kommunen her. Skular - SOGNDAL KOMMUNE


Kvalifikasjonar: 

  • Relevant pedagogisk utdanning.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 
  • Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.

 

Arbeidsoppgåvene dine:   

  • Den viktigaste oppgåva di vil bli å møte mangfaldet  skulen med tryggleik og profesjonalitet. 

  • Følgje opp elevar i deira læringsmiljø.

  • Planlegge og gjennomføre opplæring.

  • Samarbeide med andre aktuelle instansar.   

  

Me kan tilby deg: 

  • Ein jobb som vil utfordre deg samtidig som den vil gi deg mykje 

  • Sogndal kommune har gode pensjons- og forsikringsordningar.

  • Gode velferdsordningar.   

  • Gode faglege arbeidsmiljø. 

 

Personlege eigenskapar:

  • Me søkjer ein person som er fleksibel, initiativrik og kan arbeide sjølvstendig

 

 

Dersom du vil vere med på å gjere ein forskjell for barn og ungdommar i Sogndal, må dette vere den rette jobben for deg.   

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: