Sogndal kommune Sagatun barnehage

Barne- og ungdomsarbeidar - Sagatun barnehage

Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr. 

Det er totalt 16 barnehagar i Sogndal kommune, der 12 av barnehagane er kommunale barnehagar. 

Me ønskjer å komme kontakt med deg som vil ta i vare born som har kvardagen sin i barnehagen, og som vil møte born og vaksne med respekt og positivitet.  

I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå born, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande.    

Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle borna i den langstrakte kommunen vår.    

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: 

Samskapande – Open – God – Nysgjerrig 

Balestrand Fjordperla med spektakulært lys: Fjordperla Balestrand ligg midt i Sognefjorden mellom tre fjordarmar og har eit spektakulært lys. Bygda er verdskjend blant nasjonale – og internasjonale kunstnarar, fjellfolk og musikarar. Her har eventyrarar blitt ønska hjarteleg velkomne i generasjonar 

Sagatun barnehagen ligg sentralt i Balestrand og  har eit stort uteområde.  Rundt oss har vi flott og mektig natur som vi har gleda av å nytta kvar dag.  

Badelaguna, Balasletta og Kong Bele, flotte skogsløyper og stor fotballbane og klatrepark, dragehus og kunst er noko av det som vi har rundt oss. Sentrum med butikkar, hotell, akvarium er også få minuttar unna. 

 

Ledige stillingar: 

To stillingar som barne- og ungdomsarbeidar, begge i  100%  01.08.2024 til og med12.08.2025 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Medverka til å skape eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø 

  • Leggja til rette for og gjennomføre dagsplanar, og vere der for barna 

  • Bidra til barna si utvikling, og leik både inne og ute 

  • Samarbeid med kollega og føresette 

  • Hjelpe til med praktiske oppgåver som påkledning, rydding mm 

 

Kvalifikasjonar: 

  • godkjend relevant utdanning, t.d. barne- og ungdomsarbeidar   

  • erfaring med barn og unge 

  • gjerne arbeidserfaring frå barnehage 

  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg 

du kan søkje om du ikkje har godkjend relevant utdanning, men har relevant praksis /erfaring 

 

Personlege eigenskapar: 

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar 

  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar 

  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette 

  • likar å arbeida i lag med andre 

  • taklar høgt tempo i kvardagen 

  • godt humør 

 

Me tilbyr: 

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar 

  • gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • gode velferdsordningar 

 

Andre opplysningar:  

Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som kan koma til seinare i vinter/vår. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

25.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Sagatun barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6899 Balestrand

Kart: