Tilkallingsvikar
Me søker tilkallingsvikarar i Balestrand. Me treng fleire vikarar på Balestrand helsetun, i heimetenesta og som heimehjelp. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Oppfølging av ernæring
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
- Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
- Reinhold i brukars heim utifrå vedtak
- Hjelpe til med andre oppgåver som handling, tilsyn og andre heimesjukepleieoppgåver.
Kvalifikasjonar:
- Assistentar, elevar/studentar innan helsefag
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Datakunnskap
- Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner.
- For stilling i heimetenesta: førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert
- Ha evne og interesse for eldreomsorg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
- Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kontaktperson for stillingane er :
Marte Gåsland, avdelingsleiar heimetenesta Balestrand, tlf: 91375068,
epost: marte.gasland@sogndal.kommune.no
Eli Sleire Ese, avdelingsleiar Balestrand helsetun, tlf: 90296294, e-post: eli.sleire@sogndal.kommune.no
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
08.06.2025
Tiltreding:
Fortløpande
Arbeidsstad:
Balestrand
Kontaktpersonar:
mob: 90296294
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Skrivarvegen 7 6899 Balestrand