Sogndal kommune Sogn PPT

Spesialpedagog / sakshandsamar ved Sogn PPT

100 % fast stilling som spesialpedagog / sakshandsamar ved Sogn PPT

 

Det kan i tillegg bli ledig vikariat.

 

Ta kontakt snarast om du er interessert.

 

Sogn pedagogisk psykologisk teneste er interkommunal, og yter tenester til grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Under Sogn PPT finn ein både avdeling for PPT og avdeling for logopedi. Kontoret har 14 tilsette og held til i Sogndal.

PPT er ein viktig samarbeidspart for skular og barnehagar i Sogndal og kommunane rundt. Tenesta skal i sitt arbeid ha fokus på behovet for gode utviklingsmoglegheiter til barn og unge i barnehage og skule, og ha fokus på barn med særskilde behov.

PPT legg stor vekt på å arbeide førebyggjande med å vere tett på skular og barnehagar. Fokus er på utviklingsarbeid både på individ og organisasjonsnivå, og vi legg stor vekt på samarbeid både internt og med våre samarbeidspartnarar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utgreiing- og sakkunnig arbeid
  • Kontaktperson for skular og barnehagar
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid knytt til førebygging og tidleg innsats
  • Bidra til kompetanseheving i skular og barnehagar på system- og individnivå
  • Konsultasjons- og rettleiingsarbeid
  • Bidra aktivt i team og utviklingsarbeid i eiga teneste

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som spesialpedagog på masternivå eventuelt vidareutdanning innanfor spesialpedagogikk i kombinasjon med relevant arbeidserfaring.
  • God kompetanse på relasjonsbygging
  • Erfaring frå arbeid i PPT er ynskjeleg
  • Erfaring frå arbeid i barnehage og/eller skule er ynskjeleg
  • Test- og kartleggingskompetanse
  • Førarkort klasse B og bil til disposisjon
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • God digital kompetanse

 

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
  • Engasjert og utviklingsorientert fagperson
  • Fleksibel og endringsorientert
  • Evne til å bidra positivt inn i eit arbeidsmiljø
  • Ha høg arbeidskapasitet og takle arbeidspress
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.11.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: