Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen

Barnehagestillingar

Sogndal kommune skal i gang med ein pilot og eit prøveprosjekt i høve auka bemanning i barnehage. Det skal tilsetjast 5 heile stillingar. Stillingane kjem i tillegg til grunnbemanninga i barnehagen. 

I samband med dette er det ledige barnehagestillingar til auka bemanning i Sogndalsbarnehagen 

 

Stillingane er plassert slik: 

  • 100% stilling Sagatun barnehage, Balestrand 

  • 100% stilling Henjahaugane barnehage, Leikanger 

  • 100% stilling Furuli barnehage, Kaupanger 

  • 100% stilling Notsete barnehage, Sogndal 

  • 100% stilling Fosshagen utdanningsbarnehage, Sogndal 

 

 

Me søker etter deg med barnehagelærarutdanning, eller anna pedagogisk utdanning, barne- og ungdomsarbeidar og / eller assistent. 

Oppstart i stillingane er 1. april, eller etter avtale med barnehagen. Tilsetjingstilhøvet gjeld frå tilsetjingsdato 2025 til 14.08.2027.  

 

Me ynskjer at de presiserar kva barnehage søknaden gjeld, og at de prioriterar dersom de søker i fleire barnehagar 

 
 

Arbeidsoppgåver:  

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø 

  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet 

  • personalressurs og drift i barnehagen 

  • bidra til eit godt samarbeid med føresette 

 

Kvalifikasjonar: 

  • godkjend barnehagelærarutdanning / barne- og ungdomsarbeidar, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse 

  • ufaglærte med relevant praksis kan og søke 

  • gjerne arbeidserfaring frå barnehage 

  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg 

  • menn vert oppmoda om å søkje 

  

Personlege eigenskapar: 

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar 

  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar 

  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa med føresette og kollegaer 

  • likar å arbeida i lag med andre 

  • taklar høgt tempo i kvardagen 

  • fyrstehjelpskompetanse  

  • godt humør 

  • leiken og aktiv 

 

Me tilbyr: 

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • rettleiing for nytilsette i Sogndal kommune 

  • gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • gode velferdsordningar 

 

Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen.                 

Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet. 

Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i: 

  • relasjonsbygginga med barna 

  • det forebyggande arbeidet 

  • det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barna 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.03.2025

Tiltreding:

01.04.2025

Arbeidsstad:

Balestrand - Leikanger - Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: