Sogndal kommune Norane oppvekstsenter

Fagarbeidar/assistent

Vær med og skap ein magisk barndom i naturskjønne omgjevnader!

Ylvisåker barnehage er ein del av Norane oppvekstsenter og ligg idyllisk til ved fjorden, berre ein kort biltur frå Sogndal sentrum og med gode kommunikasjonsmoglegheiter. Barnehagen har eit fantastisk uteområde, og legg stor vekt på friluftsliv og aktiv utforsking i naturen. Barnehagen har tre avdelingar og eit engasjert personale på 10 tilsette for barnehageåret 2024-2025.

No søkjer me nye positive og engasjerte ressursar til teamet vårt!

Fagarbeidar/assistent (inntil 150%)

  • 100% fast/mellombels stilling
  • 50% vikariat

Oppstart: Frå og med 12.08.25 (kan bli aktuelt tidlegare)

Arbeidsoppgåver 

Me ser etter deg som vil vere med på å skape ein trygg og utviklande kvardag for barna. Du vil få ansvar for å:

  • Støtte barna si sosiale utvikling gjennom kommunikasjon, leik, fellesskap og utforsking
  • Rettleie barna i å ta ansvar og vise omsyn til andre
  • Planleggje og gjennomføre inspirerande og pedagogiske aktivitetar
  • Vere eit trygt og godt førebilete for barna

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert. Dersom du ikkje har fagutdanning, kan stillinga bli mellombels.
  • Interesse for og engasjement for friluftsliv og uteliv for barn
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Evne til refleksjon over eigen praksis
  • Er symjedyktig og kan ta livredningsprøve

Personlege eigenskapar

  • Har godt humør, engasjement og stå-på-vilje
  • Ser moglegheiter og tek utfordringar på strak arm
  • Kan inspirere medarbeidarane rundt deg og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er opptatt av samarbeid og gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer
  • Er open for refleksjon og utvikling, og vil bidra aktivt til at barnehagen blir ein lærande organisasjon

Politiattest krevst for stillinga.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

02.03.2025

Tiltreding:

12.08.2025

Arbeidsstad:

Ylvisåker

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: