Sagatun barnehage

Fagarbeidar/assistent

Bli med oss i Sagatun barnehage, ein stad der eventyr skapar framtida! 

 

Balestrand – Fjordperla med magisk lys

Midt i Sognefjorden, mellom majestetiske fjell og spegelblank fjord, finn du Balestrand – ei bygd som i generasjonar har inspirert kunstnarar, eventyrarar og naturelskarar. Her lever me tett på naturen, omgitt av spektakulært lys og gode naturopplevingar.

Sagatun barnehage

Sagatun barnehage er ein fleirkulturell barnehage med fire avdelingar, der mangfald, respekt og fellesskap står i sentrum. Me skapar ein trygg og utviklande kvardag for borna – fylt med leik, læring og utforsking.

Barnehagen ligg sentralt i Balestrand, med eit stort uteområde og kort veg til spennande turmål. Her kan ein boltre seg i Badelaguna, på Balasletta, Kong Bele, fotballbana, i skogsløyper, dragehus, klatrepark eller kunstområde – alt innan kort rekkevidde! Sentrum med butikkar, hotell, akvarium er også få minuttar unna.

Ledige stillingar:

  • 100% vikariat som fagarbeidar/assistent
  •  50% vikariat som fagarbeidar/assistent


Kva vil du jobbe med?

  • Skape eit inkluderande, inspirerande og utviklande miljø for leik og læring
  • Vere med på å forme det pedagogiske arbeidet i barnehagen
  • Bidra med engasjement og omsorg i ein trygg kvardag for borna
  • Bygge gode relasjonar med både born, kollegaer og føresette

Kven er du?

  • Har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og gjerne arbeidserfaring frå barnehage 
  • Ufaglærte med relvant praksis kan og søkje
  • Positiv, engasjert og glad i utfordringar
  • Leiken, kreativ, trivst med høgt tempo og samarbeid
  • Snakkar og skriv godt norsk
  • Førstehjelpskompetanse er eit pluss!
  • Menn vert oppmoda om å søkje

Kvifor velje oss?

  • Ein spanande og meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Engasjerte og støttande kollegaer
  • Eit pedagogisk miljø med høg fagleg kvalitet
  • Unik moglegheit til å jobbe i naturskjønne omgjevnader
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest krevst for stillinga. 

Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som kan koma til seinare i vår/sommar. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga.  

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

02.03.2025

Tiltreding:

12.08.2025

Arbeidsstad:

Balestrand

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6899 Balestrand

Kart: