Sogndal kommune Henjahaugane barnehage

Fagarbeidar/assistent

Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, som fagarbeidar/assistent og vidareutviklar av Henjahaugane Barnehage!

Er du leiken, omsorgsfull og glad i å skape gode opplevingar for barn? No har du sjansen til å bli ein del av det fantastiske teamet vårt i Henjahaugane barnehage – ein barnehage med stort hjarte, engasjerte tilsette og magiske omgjevnadar!

Ein barnehage med sjel og naturen som leikeplass

Henjahaugane barnehage ligg vakkert til på Leikanger i Sogndal kommune, berre 20 kilometer frå Sogndal sentrum og med gode bussamband. Med solrike omgjevnadar, stor naturtomt, grillhytte og ekstra hus til gruppeaktivitetar, legg me til rette for ein kvardag fylt med leik, læring og utforsking. Her får barna moglegheita til å oppdage, leike og utvikle seg i nærkontakt med naturen.

Barnehagen har tre avdelingar og rommar 42 barn. To avdelingar er for barn mellom 2 og 5 år, medan den tredje er til dei minste på 1–2 år. Med 13 dyktige tilsette og eit inkluderande arbeidsmiljø, er dette ein barnehage der både barn og vaksne trivst!

Vil du vere med? Me har ledige stillingar!

  • 100% fast stilling som fagarbeidar/assistent – oppstart 4. august 2025
  • 100% vikariat som fagarbeidar/assistent – frå 4. august 2025 til 31. juli 2026

Kva vil du jobbe med?

  • Sikre eit inkluderande, inspirerande og utviklande miljø for leik og læring
  • Bidra aktivt i det pedagogiske arbeidet og vidareutviklinga av barnehagen
  • Vere ein ressurs i det daglege arbeidet med barna
  • Bygge sterke relasjonar med barn, kollegaer og føresette

Kven er du?

  • Utdanna barne- og ungdomsarbeidar – men ufaglærte med relevant erfaring er også velkomne til å søkje
  • Erfaring frå barnehage eller anna arbeid med barn er ein fordel
  • Snakkar og skriv godt norsk
  • Leiken, omsorgsfull og engasjert
  • God på samarbeid, trivst i eit aktivt miljø og taklar høgt tempo
  • Har fyrstehjelpskompetanse (om ikkje, får du det hos oss!)

Menn vert spesielt oppmoda om å søkje.

Kvifor velje Henjahaugane?

  • Ein barnehage med flotte omgjevnadar og høg trivsel
  • Engasjerte og dyktige kollegaer som støttar kvarandre
  • Eit fagleg sterkt miljø med fokus på leik, læring og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy

Her får du ein variert, kjekk og meiningsfull jobb der du kan utgjere ein forskjell for barna kvar einaste dag!

 

Politiattest krevst for stillinga. 

 

Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagelærarstillingar som kan koma til seinare i vår/sommar. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom hovudutlysinga.  

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Søknadsfrist:

02.03.2025

Tiltreding:

04.08.2025

Arbeidsstad:

Leikanger

Kontaktpersonar:

Adresse:

Henjahaugane 1 6863 Leikanger

Kart: