Sogndal kommune Sogndal kommune

Er du vår nye Talknusar?

Sogndal kommune er i vekst, og skal som ein av få distriktskommunar møte ei veksande og ung befolkning i åra som kjem. Ein viktig del av dette arbeidet er å syte for god og trygg økonomisk styring, og det betyr å endre styringsmodellane våre. Ein del av dette arbeidet er å bygge eit moderne styringssystem basert på prinsippa i Beyond Budgeting der Sogndal er den første kommunen i landet. No ser vi etter ein talknusar – ein økonomisk lagspelar med sterk økonomifagleg innsikt og mot til å bryte etablerte tankesett som har lyst å vere med å bidra til å løyse det viktige samfunnsoppdraget me har for innbyggjarane i åra som kjem 

Som talknusar blir du sentral i utviklinga av vår nye økonomistyring. Du vil spele ei nøkkelrolle i å skape eit tilpassingsdyktig og tillitsbasert system som prioriterer verdiar, prinsipp og læring – og som alltid har innbyggjaren i fokus. Sogndal kommune skal som resten av kommune-Noreg gjennom store omstillingar i åra som kjem, som også utfordrar det økonomiske handlingsrommet. Gjennom 2024 har me lagt eit solid grunnlag, saman med tillitsvalde og tilsette, for å gjennomføre ei grunnleggande omstilling av måten me jobbar på i framtida 

 

Dette får du vere med på: 

  • Bygge eit heilt nytt styringssystem tufta på verdiane samskapande, open, god og nysgjerrig 

  • Utfordre etablerte økonomiske praksisar og finne innovative løysingar 

  • Jobbe i lag med kollegaar, innbyggjarar og samarbeidspartnarar for å løyse komplekse utfordringar 

  • Sikre ressursstyring som prioriterer det som faktisk betyr noko – ikkje berre det som står i budsjettet 

  • Levere økonomiske analysar som skapar innsikt og fremjar utvikling for dei tilsette i sin kvardag, og bidreg til å drive meir kostnadsmedvitne tenester 

 

Kva gjer deg til ein ideell talknusar? 

  • Du har sterk økonomikompetanse og evne til å navigere i komplekse system 

  • Du er ein analytisk tenkjar som er komfortabel med å utfordre etablerte tankesett 

  • Du likar å jobbe i team og verdset andre sine perspektiv 

  • Du delar informasjon ope, tek initiativ og bidreg til å skape framdrift 

  • Du bryr deg om samfunnsutviklinga i Sogndal og Sogn, og er motivert av å bidra til eit betre liv for innbyggjarane 

  • Du veit at verda treng boksar og rammer, men forstår at me må gjere innsikta tilgjengeleg for dei tilsette som møter innbyggjar kvar dag – slik at me kan gjere gode val i kvardagen 

  • Du kan finne glede i å fordjupe deg i tema som kraft, skatt og andre kommunale særproblemstillingar 

 

Kvifor skal du velje oss? 

I Sogndal kommune vil du oppleve: 

  • Ein arbeidsplass som prioriterer læring, vekst og personleg utvikling 

  • Kollegaar som bryr seg om å gjere ein forskjell 

  • Ei unik moglegheit til å vere med og forme framtidas kommune og lokalsamfunn 

  • Ein fagleg spennande jobb med høve til å eksperimentere, lære og lukkast i eit skapande miljø 

  • Konkurransedyktige vilkår og fleksible arbeidsformer 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Balestrand - Leikanger - Sogndal

Adresse:

Riverdalen 5 6863 Leikanger

Kart: