Sogndal kommune Nybø barnehage

Barnehagelærarar

Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som barnehagelærar og vidareutviklar av Nybø barnehage!

Er du ein engasjert, leiken og omsorgsfull barnehagelærar som brenn for å skape gode opplevingar for barn? No har du sjansen til å bli ein del av det faglege og inkluderande miljøet i Nybø barnehage – ein barnehage med sjel, historie og ein unik beliggenheit ved Sognefjorden!

Ein barnehage med sjarm og fantastiske omgjevnadar!

Nybø barnehage ligg idyllisk til på Leikanger i Sogndal kommune. Barnehagen ligg berre 20 kilometer frå Sogndal sentrum, med gode bussamband. Med flotte, historiske bygg frå midten av 1800-talet – Fylkesmannsgarden og Sorenskrivargarden – byr barnehagen på ein varm og koseleg atmosfære. Her får barna vekse opp i solrike omgjevnadar med nærleik til fjord, skog, idrettshall og sentrum.

I dag har me 49 barn fordelt på tre avdelingar, to aldersblanda einingar og ei småbarnseining. Med eit dedikert team på 15 tilsette i ulik alder og eit sterkt fagleg miljø, er dette ein barnehage der både store og små trivst!

Me har ledige stillingar!

  • Assisterande styrar/barnehagelærar (40% engasjement) – frå 01.08.2025 til 31.07.2026
  • Barnehagelærar (100%) – frå 06.06.2025 til 31.07.2026 (spesialpedagogisk tiltak, føremon med spesialpedagogisk utdanning)
  • Pedagogisk leiar/barnehagelærar (10% vikariat) – frå 01.08.2025 til 31.07.2026

Kva vil du jobbe med?

  • Skape eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogisk arbeid
  • Vere ein fagleg pådrivar og bidra til gode prosessar i barnehagen
  • Leie og vidareutvikle avdelinga i samarbeid med kollegaer
  • Bygge gode relasjonar med barna og foreldra
  • Rettleie og leggje til rette for assistentar, fagarbeidarar og lærlingar

Kven er du?

  • Utdanna barnehagelærar (eller anna relevant høgskuleutdanning med barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse)
  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk eller rettleiing er ein fordel
  • Gjerne erfaring frå barnehage
  • Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Er positiv, inkluderande og tek initiativ
  • Skapar gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer
  • Trivst i eit aktivt miljø med høgt tempo

Menn vert spesielt oppmoda om å søkje!

Kvifor velje Nybø barnehage?

  • Ein unik barnehage med historiske bygg og vakker natur rundt seg
  • Eit fagleg sterkt miljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
  • Leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Politiattest krevst for stillinga.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

02.03.2025

Tiltredelse:

01.08.2025

Arbeidssted:

Leikanger

Kontaktpersoner:

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: