Sogndal kommune Nybø barnehage

Fagarbeidar/assistent

Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen hos Nybø barnehage!

Har du eit stort hjarte for barn, er leiken og engasjert, og trivst i eit miljø der ingen dagar er like? Då er dette jobben for deg!

Nybø barnehage ligg idyllisk til på Leikanger i Sogndal kommune, berre 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Nybø barnehage er ikkje som alle andre barnehagar; me held til i to historiske bygg frå 1800-talet, Fylkesmannsgarden og Sorenskrivargarden, som skaper ein unik og koseleg atmosfære. Med panoramautsikt over vakre Sognefjorden og nærleik til skog, mark, sentrum og idrettshall, har me eit utgangspunkt for ein kvardag fylt med opplevingar, leik og læring.

Me er eit engasjert og varmt team på 15 tilsette i ulik alder, med høg fagleg kompetanse, som saman skapar eit trygt og inkluderande miljø for 49 barn fordelt på tre avdelingar. No treng me ein dyktig barne- og ungdomsarbeidar/assistent til å bli med oss på laget!

Ledig stilling:

  • Fagarbeidar/assistent, 100% vikariat frå 21.05.2025 – 31.10.2025

Dette blir jobben din:

  • Skape eit inspirerande, trygt og inkluderande miljø der barna trivst og utviklar seg
  • Vere ein aktiv deltakar i barns leik og læring – både inne og ute
  • Støtte det pedagogiske arbeidet og bidra til gode prosessar i barnehagen
  • Vere ein trygg og støttande vaksen som skapar gode relasjonar til barna
  • Samarbeide godt med kollegaer og foreldre for å gi barna den beste kvardagen

Kven er du?

  • Utdanna barne- og ungdomsarbeidar, eller har relevant erfaring frå barnehage
  • Har du ikkje fagbrev, men erfaring og engasjement? Då er du også hjarteleg velkommen til å søkje!
  • Snakkar og skriv godt norsk
  • Er ein positiv lagspelar som trivst i eit aktivt miljø med høgt tempo
  • Tek initiativ, er ansvarsfull og leiken
  • Har godt humør og ein inkluderande personlegdom
  • Førstehjelpskompetanse (om du ikkje har det, får du opplæring)

Menn vert spesielt oppmoda om å søkje!

Kvifor velje Nybø barnehage?

  • Ein barnehage med unike, historiske omgjevnadar og nærleik til naturen
  • Ein spanande jobb der du får bruke kreativitet og engasjement kvar dag
  • Eit fagleg sterkt miljø med engasjerte og støttande kollegaer
  • Leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Politiattest krevst for stillinga.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.03.2025

Tiltreding:

21.05.2025

Arbeidsstad:

Leikanger

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: