
Ferievikar 2025 - Fysio- og ergoterapistudentar
Studerer du fysio- eller ergoterapi og ønskjer deg relevant jobb sommaren 2025?
Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte studentar innafor fysioterapi og ergoterapi til rehabiliterings-/kortidsavdelinga på Sogndal helse og omsorgssenter.
Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal som består av ei langtidsavdeling og ei rehab/korttidsavdeling med 2 KAD plassar. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Om stillinga
Arbeidsperioden vil vere i tida 16.06.2025 - 17.08.2025. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe. Arbeidstida blir dagtid med annakvar helg.
Arbeidsoppgåver:
- Rehabilitering
- Trening med pasienter, individuelt og i grupper
- Tilrettelegging rundt måltid
- Tilrettelegging i stell/påkledning
- Kartlegging
- Leggja til rette for daglege aktivitetar/kvardagsmeistring
- Forflytning – veiledning til pasientar og personale
- Samarbeid med personale på avdelinga og ergoterapeut/fysioterapeut
- Følgje opp treningsplanar og medverke til utarbeiding av desse
Kvalifikasjonar:
- ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- påbegynt studie i fysioterapi eller ergoterapi.
- vere fylt 18 år
Personlege eigenskapar:
- evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
- Imøtekommande
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Me tilbyr:
- Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
- Løn etter tariff jf. HTA.
- Bistand med å skaffe bustad
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kontaktperson for stillingane er:
Avdelingsleiar kortidsavdelinga Anja Leirdal, tlf: 404 07 889, anja.leirdal@sogndal.kommune.no
Tenesteleiar institusjon Hanne Hoff tlf: 489 54 958, hanne.hoff@sogndal.kommune.no
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
06.04.2025
Tiltreding:
Sommaren 2025
Arbeidsstad:
Sogndal
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Skrivarvegen 7 6863 Leikanger