Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal

Heimehjelp

Me har ledig stilling som heimehjelp og søker deg som ynskjer å bli del av vårt team i heimetenesta i Sogndal. 

Heimetenesta held til i lokale på Sogndal helse- og omsorgssenter og er samlokalisert med sjukeheim, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot. 

 

Heimetenesta i Sogndal har ledig fylgjande stillingar: 

  • 50% vikariat som heimehjelp. Dagtid mandag – fredag med muligheit for auke i stilling med arbeid på helg i heimesjukepleien. 

  • 80% fast som heimehjelp inklusiv arbeid 3.hver helg i heimesjukepleien. 

  • Sommervikar etter behov  

 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Reinhold i brukar sin heim utifrå vedtak 

  • Hjelpe til med andre oppgåver som handling, tilsyn og elles praktisk bistand i heimen.  

  • Dokumentasjon i journal 

 

Kvalifikasjoner: 

  • Krav om førarkort kl.B

  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg 

  • Må vere over 18 år 

  • Erfaring frå liknande arbeid. 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Gode evner til sjølvstendig arbeid og lagarbeid. 

  • Godt humør og evne til å møte pasientar og kollegaer på ein god måte. 

  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse. 

  • Ha evne og interesse for eldreomsorg. 

  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Godt fagleg miljø 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

22.06.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skulevegen 6856 Sogndal

Kart: