
Miljørettleiar
Leikanger barneskule søkjer eventuelle miljørettleiarstillingar frå august!
Leikanger barneskule er ein 1.–7. skule med 206 elevar fordelt på 11 klassar, inkludert ein mottaksklasse. Me har asylmottak i bygda og eit aktivt skulemiljø der inkludering og trivsel står i sentrum. Skulefritidsordninga vår, Bjørnehiet SFO, har 115 barn, og totalt er me 33 tilsette på skule og SFO.
Skulen ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen, omgitt av flott natur som me nyttar både i undervisninga og i SFO. Me har to skulebygg – eitt frå tidleg 80-tal og eitt frå 90-talet.
Viktige satsingsområde hos oss er klasseleiing, BTI (Betre tverrfagleg innsats) og utviklingsprosjektet Leseglede.
Arbeidsoppgåver
- Jobb både i skule og SFO med ei variert og innhaldsrik arbeidsdag på 7,5 timar
- Oppfølging av barn i klasserommet og i skulefritidsordninga
- Styrking av elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
- Utdanning eller erfaring innan miljørettleiing, fagarbeid eller arbeid med barn og unge
- Trygg og tydeleg leiar for elevane, med gode evner til å skape relasjonar
- Evne til å sjå og støtte enkeltelevar i eit fellesskap
- Likar å vere ute og bruke naturen aktivt i læringa
- Politiattest krevst
Me tilbyr
- Ein spanande og meiningsfull jobb i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
- Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar
- Løn etter avtaleverket
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
02.03.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Leikanger
Heimeside:
https://www.leikanger-barneskule.no/Adresse:
Holevegen 15- 18 6863 Leikanger