
Ferievikar 2025 - Sogndal helse og omsorgssenter
Velkomen som ferievikar ved Sogndal helse og omsorgssenter!
Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttid/rehabavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Om stillinga
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2025 til kortids- og langtidsavdelinga ved Sogndal helse og omsorgssenter.
Arbeidsperioden vil vere i tida 16.06.2025 - 17.08.2025 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden når det passar best for deg å jobbe. Søkjare som kan jobbe store delar av sommaren vert prioritert.
Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver:
- Helsehjelp til eldre på sjukeheim
- Oppfølging av ernæring
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
Kvalifikasjonar:
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Vere fylt eller fylle 18 år i 2025
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
- Imøtekommande
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Vi tilbyr:
- Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
- Løn etter tariff jf. HTA.
Sogndal kommune har fleire utlysingar etter ferievikarar for 2025 på andre einingar. Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
For meir info - ta gjerne kontakt med:
Avdelingsleiar kortidsavdelinga Anja Leirdal tlf: 40407889,
anja.leirdal@sogndal.kommune.no
eller
Avdelingsleiar langtidsavdelinga Maria Buvik Nondal, tlf 40434807.
Maria.buvik.nondal@sogndal.kommune.no
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
06.04.2025
Tiltreding:
Sommaren 2025
Arbeidsstad:
Sogndal
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Skrivarvegen 7 6863 Leikanger