
Miljørettleiar
Spennande vikariat i 60% stilling som miljørettleiar ved Leikanger ungdomsskule!
Om skulen
Leikanger ungdomskule ligg idyllisk til ved Sognefjorden, med flotte moglegheiter for fysisk aktivitet både i og ved fjorden. Me vektlegg pedagogisk entreprenørskap og samarbeid med lokalsamfunnet, næringslivet og frivillige organisasjonar gjennom partnarskapsavtalar. Som praksisskule for Høgskulen på Vestlandet (HVL) har me eit tett samarbeid med lærarutdanninga.
Her møter du eit engasjert og samansett elevmiljø med om lag 100 elevar frå 8. til 10. trinn, inkludert ein mottaksklasse for asylsøkarar. Skulen har omlag 18 tilsette som saman skaper eit inkluderande, trygt og motiverande læringsmiljø.
Me ser etter ein relasjonssterk, varm og inkluderande miljørettleiar som vil bidra til å utvikle Leikanger ungdomsskule som ein framtidsretta skule.
Arbeidsoppgåver
- Skape eit trygt og støttande opplæringsmiljø
- Samarbeide tett med lærarar, teamleiarar og anna personale
- Rettleie og tilretteleggje undervisninga etter elevane sine behov
- Styrke skule-heim samarbeidet til det beste for elevane
- Leggje til rette for sosial trening og meistring
- Samarbeide med PP-tenesta og andre faginstansar
- Delta i skulen sitt utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- 3-årig relevant høgskuleutdanning eller tilsvarande realkompetanse
- Erfaring med førebyggjande arbeid og åtferdstrening er ein fordel
- Kjennskap til traumebasert omsorg eller liknande metodar er positivt
- Relevant kompetanse i å planlegge og tilrettelegge skulekvardagen for eleven er ein fordel
- Gode IKT-kunnskapar
- Trygg og tydeleg i skriftleg og munnleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Engasjert og god på relasjonsbygging
- Tålmodig, løysingsorientert og trygg i møte med ungdom
- Samarbeidsvillig og fleksibel
- Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og konsekvent måte
- Godt humør og positiv innstilling
Me tilbyr
- Ein spennande jobb i eit støttande arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande kvalifikasjonar og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeidstid etter skuleruta, med ferie i alle skuleferiar
Anna
Gyldig politiattest må leverast før oppstart.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
02.03.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Leikanger
Kontaktpersonar:
Adresse:
Kyrkjevegen 6 6863 Leikanger