
Avdelingsleiar
Det er ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar frå 01.08.2025.
Kvåle skule har rundt 400 elevar og 70 tilsette, fordelt på fem trinn (6.–10. klasse) med fleire parallellar per trinn. Frå skuleåret 2027/2028 vil skulen bli ein rein ungdomsskule med fire parallellar på kvart trinn, noko som gjer den til ein av dei største ungdomsskulane i tidlegare Sogn og Fjordane. I perioden 2024-2028 har Kvåle skule forplikta seg til eit tettare samarbeid med lærarutdanninga på HVL, og vil som Lærarutdanningsskule bidra ekstra innanfor praksisutveksling og kunnskapsutvikling med høgskulen. Med nærleik til idrettsmiljø, kommunale og statlege aktørar, samt eit etablert samarbeid innan kompetanseklynga på Campus Fosshaugane, ønskjer Kvåle skule å møte framtida med eit sterkt fokus på utvikling og kvalitet i undervisninga. Kvåle skule har som mål å bli eit flaggskip for kompetanseutvikling på ungdomstrinnet i Sogn.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga er ein del av skulen sitt leiarteam. Oppgåvene for avdelingsleiaren vil vere fordelt frå 6.-10.trinn. Til stillinga ligg m.a følgjande arbeidsoppgåver:
- pedagogisk utviklingsarbeid
- oppfylging av teneste både mot tilsette og elevar, og samarbeid med andre instansar
- koordinering og oppfølging av tiltak knytt til elevar med behov innan spes.ped./sos.ped.
- ansvar innanfor det digitale arbeidet ved skulen
- oppfylging av personalet, her også vikararbeid
- planlegging av skuleår med omsyn til arbeidsfordeling i personalet
- daglege gjeremål
Vi ynskjer ein avdelingsleiar som har evne og vilje til leiing, er analytisk, ryddig og strukturert. Personen må kunne arbeide sjølvstendig, kommunisere godt og skape tillit.
Avdelingsleiaren må vere ein pådrivar med positivt syn på skulen og eleven, og må ha god kjennskap til og erfaring i bruk av IKT som eit verktøy for å effektivisere arbeidet.
Den utlyste stillinga vil vere 50 % administrasjon og leiing og 50 % undervisning.
Kvalifikasjonar:
Relevant pedagogisk utdanning og med erfaring frå skuleslaget, gjerne erfaring eller tilleggsutdanning innan administrasjon og leiing.
Personlege eigenskapar:
- ha evne til kommunikasjon og refleksjon
- vere god på det relasjonelle
- vere ein god motivator
- ha høg arbeidskapasiet og evne til å lytte og skape/leggje til rette for samhandling
Vi tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Eit pulserande arbeidsmiljø i området på Campus Fosshaugane.
- Løn etter avtaleverket.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.03.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Sogndal
Kontaktpersonar:
mob: 95 88 61 36
Adresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal