Sogndal kommune Helsestasjon

Fagleiar

Er du vår nye fagleiar i ei spennande og viktig teneste for barn og unge? 

Eininga helsestasjon er ein del av sektor oppvekst og består av ulike deltenester. I tillegg til å tilby helsestasjon – og skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom, arbeidar helsestasjonen også med minoritetshelse og smittevern. Helsestasjon samarbeider tett med andre tenester internt og eksternt for å sikre at alle barn, unge og deira familiar får den heilskaplege og naudsynte oppfølginga og støtta dei treng.    

Me søkjer etter ein fagleg dyktig og engasjert helsesjukepleiar til stillinga som fagleiar i 100% fast stilling.  

60% av stillinga er som fagleiar og 40% er som utøvande helsesjukepleiar.  

 

Arbeidsoppgåver: 

Fagleiar 60%:  

  • Journalansvarleg og superbrukar i fagsystemet Hspro  
  • Vere eininga sin representant i team koordinerande eining  
  • Fagleg ansvar for helsestasjon – og skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom 
  • Ha god fagleg oversikt over tenesteområde 
  • TQM kvalitetssystem ansvar  
  • Delta i samhandslingstid med team oppvekst  
  • Kontaktperson for tenesta  

 

Utøvande helsesjukepleiar 40%:  

  • Oppgåver knytt til helsestasjon – og skulehelsetenesta 

 

 

Arbeidsoppgåver for heile stillinga:  

  • Jobbe i team  

  • Tverrfagleg samarbeid 

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha: 

  • Godkjend helsesjukepleiarutdanning 

  

Tillitsreformen 

Sogndal kommune er ein aktiv deltakar i Tillitsreformen, som legg vekt på å byggje meir tillit både internt i organisasjonen og ut mot offentlegheita. Reforma skal bidra til å skape rom for å løyse utfordringar der dei faktisk oppstår, utan å måtte gå gjennom byråkratiske prosesser og silo-strukturer. Dette gir oss moglegheit til å handle raskt og effektivt, og styrkar vår evne til å tilby rett hjelp på rett plass og i rett tid. I dette arbeidet er det fokus på samarbeid og samskaping i team for å løyse oppgåvene våre.  

 

Personlege eigenskapar: 

Til vår stilling ser me etter ein fagleiar/helsesjukepleiar med evne til å arbeida målretta og er ein god lagspelar. Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, gode samarbeidsevner og er fleksibel. Vidare ser me etter deg som har godt humør, motivasjon og engasjement for helsefremjande og førebyggjande arbeid. Du har stor arbeidskapasitet og god evne til organisering av arbeidet. Me ser etter deg som har handlingskompetanse, er løysingsorientert og kan bidra til endring og utvikling. Du har evne til refleksjon over tenesta sitt oppdrag og utøving av tenesta, og du har evne til å motivere og rettleie tilsette. 

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.  

 

Søkjar må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta. Du må beherske norsk munnleg og skriftleg.  

 

Vi tilbyr: 

  • Ein meiningsfylt arbeidskvardag der ingen dagar er like 

  • Tett samarbeid med andre tenester som jobbar med barn og unge 

  • Stort fagmiljø, og høgt fagleg nivå 

  • Ein spanande jobb i eit arbeidsmiljø der alle skal trivast 

  • Dagarbeid og fleksitid 

  • Kollegarettleiing 

  • Leasingbil i tenesta 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Plassen 2 6856 Sogndal

Kart: