
Miljørettleiarar/fagarbeidarar - Trudvang skule
Trudvang skule er ein 1-5 skule med 3 og 4 parallellar på kvart trinn og 400 elevar fordelt på 17 klassar. Det er omlag 70 tilsette på skulen og i SFO. Skulen ligg sentralt i Sogndal sentrum. Trudvang skule har aukande elevtal årleg. Arbeidet med ny Trudvang skule har starta opp, og ny skule vil stå klar i 2027/2028, då som barneskule med alle elevane frå trinn 1 til 7. Leiinga ved skulen vil dei næraste åra ha fokus både på dagleg drift og etableringa av den nye skulen. Trudvang er ein føregangsskule når det gjeld å nytte miljørettleiarar i skule og SFO, og har i dag ei breitt samansett personalgruppe. SFO-drifta er sentrert rundt ein fellesbase med tilhøyrande aktivitetsrom, og det er om lag 240 elevar som nyttar SFO-tilbodet i større eller mindre grad. Trudvang har og ein eigen arena, basen, der einskildelevar får hovuddelen av skuletilbodet sitt.
Me har no desse ledige stillingane ved skulen vår :
· Miljørettleiarstillingar, faste og årsvikariat, inntil 100%
· Fagarbeidarstillingar, faste og årsvikariat, inntil 100%
Arbeidsoppgåver som ligg til stillingane, enten åleine eller i ein kombinasjon:
- Arbeid knytt opp mot einskildeleven sine rettar om personleg assistanse eller ein kombinasjon av rettar
- Arbeid i SFO (skulefritidsordninga)
- Generelt elevretta arbeid på førsteklassetrinnet
- Arbeid på arenaen vår, «basen»
- Deltaking i samarbeid med andre instansar, skriving av planar for eleven, deltaking i klassen/gruppa sitt samla arbeid.
- Som miljørettleiar / fagarbeidar deltek ein i fellesmøte med dei andre på klasseteamet og i fellesmøte med dei andre miljørettleiarane / fagarbeidarane på huset.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som gjev tittelen miljøterapeut/miljørettleiar
- Fagarbeidar barne- og ungdomsarbeid
- Anna relevant utdanning / praksis
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar.
Utlysinga gjeld og for andre miljørettleiarstillingar / fagarbeidarstillingar som eventuelt vert ledige for skuleåret 2025-2026.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
02.03.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Sogndal
Kontaktpersonar:
mob: 95005333
Adresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal