
Avlastar i Bu- og miljøtenesta
Avlastar i Bu- og miljøtenesta
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune treng avlastarar for barn og unge i kommunen. Føremålet med tenesta er å gi avlasting og hjelp til familiar med særleg tyngande omsorg for barn og unge med funksjonsnedsetting. Avlastingstilbodet kan vere i eller utanfor heimen til avlaster, eller i institusjon. Sogndal kommune har eigne avlastingsbustadar.
Avlastinga kan vere på timebasis eller døgnbasis i kvardag, helgar og skuleferiar. Me treng deg som har anledning til å la barnet vitje deg heime nokre timar ein ettermiddag eller ei heil helg med overnatting. Me treng deg som bur åleine og deg som bur saman med familie og barn.
Avlastingstimane er fritida til barnet/ungdommen. Ein legg opp til ei meiningsfylt fritid, med aktivitetar tilpassa utvikling og interesser.
Tilsetjing vil skje fortløpande.
Kvalifikasjonar:
- Fylt 18 år.
- Gjerne erfaring og utdanning innan arbeid med barn og unge.
- Evne til å skape tillit.
- Trygg, omsorgsfull, tolmodig, aktiv og engasjert.
- Kan gi barnet/ungdommen ei meiningsfylt fritid med kjekke aktivitetar ut frå deira interesse.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Ønskjeleg med sertifikat og tilgang til bil.
Me tilbyr:
- Arbeidsavtale med ein månads oppseiingstid.
- Opplæring i barnehage, skule eller heim.
- Opplæring og rettleiing undervegs.
- Lønn etter SGS 1030.
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Politiattest av ny dato.
- Underteikne teiepliktsskjema.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Skriv litt om din livssituasjon, kven du bur saman med og i kva omfang du kan tenkja deg å vera avlaster. Fint om du oppgir om du har sertifikat og tilgang på bil.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
20.03.2025
Tiltreding:
Snarleg
Arbeidsstad:
Sogndal
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse: