Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Helsefagarbeidarar - Leikanger sjukeheim

Me har ledige stillingar som helsefagarbeidar på sjukeheimen og håpar du vil bli vår nye kollega.

 

Som helsefagarbeidar på Leikanger sjukeheim blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

 

Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering/kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.

 

Leikanger sjukeheim ligg i same bygg som heimetenesta, og ligg også i tilknyting til legekontor og fysio/ergoterapitenesta. Dette medverkar til eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til bebuarane og brukarane våre. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

 

Om stillingane

Leikanger sjukeheim har ledig følgjande stillingar:

· Helsefagarbeider 100% vikariat frå 01.06.25 i eitt år.

· Helsefagarbeider 80% vikariat frå 01.04.25 i eitt år.

Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg. Det er mogleg å legge til rette for langvakter med 4. kvar helg.

Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane.

 

Arbeidsoppgåver:

· Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på institusjon.

· Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam

· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

· Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer

· Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar

· Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie

· Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar:

· Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon

· Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel

· Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens og geriatri/psykiatri.

· Beherske norsk, skriftleg og munnleg

 

Personlege eigenskapar:

· Er løysingsorientert og positiv

· Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som helsefagarbeidar

· Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig

· Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Taklar ein uforutsett arbeidskvardag

· Er ansvarsfull og serviceinnstilt

· Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet

· Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

 

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

· Løn etter tariff

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.

 

Kontaktperson for stillingane er: 

Tone Bjåen, avdelingsleiar på sjukeheimen, tlf: 90726370, e-post: tone.bjaen@sogndal.kommune.no

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.03.2025

Tiltreding:

01.04.2025

Arbeidsstad:

Leikanger

Kontaktpersonar:

Solrun Njøs Amundsen

mob: 907 26 370

Tone Bjåen

mob: 90726370

Adresse:

Ohnstadhaugen 15 6863 Leikanger

Kart: